Hopp til innhold

Leiar og nestleiar i kontrollkomiteen er djupt usamde om Navarsete-innblanding

Leiaren og nestleiaren i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget er djupt usamde om dei bør sjå nærare på Liv Signe Navarsete si rolle for å endre E16-traséen gjennom heimkommunen.

Martin Kolberg

IKKJE-SAK: Leiar Martin Kolberg i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget

Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB scanpix

Kontroll- og konstitusjonskomiteen kjem til å bruke sitt første møte på å vurdere om Navarsete si moglege påverknad av E16-traséen forbi huset hennar skal bli behandla i komiteen.

Nestleiar i komiteen, Michael Tetzschner (H) frå Høgre, seier til NRK.no at det er fleire grunnar for at dette bør bli ei sak for dei.

– Det er først og fremst den veldig uformelle og kameratslege kontakten som skjer når det er snakk om å bruke så mykje av felleskapets midlar på éi spesiell løysing, som ligg under eit anna departement, seier Tetzschner.

Leiar Martin Kolberg er derimot av ei heilt anna meining.

– Eg forstår ikkje kva som skal kontrollerast her, seier Ap-politikaren.

Reagerer på innblanding

Sp-leiaren tok i fjor haust direkte kontakt med regjeringskollega og miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) for å diskutere den nye vegtraseen på E16 i Lærdal. Kort tid seinare gjekk Solhjell imot Statens vegvesen si anbefaling og bestemte at delar av E16 skal leggjast gjennom tunnel i Lærdalsdalen.

Tetzschner likar innblandinga dårleg.

– Her har ein valt ei løysing som er 400 millionar kroner dyrare enn det fagetaten meinte er forsvarleg. Ein har her blanda seg inn i prioriteringsrekkjefølgja, meiner komitenestleiaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sp-leder Liv Signe Navarsete

TOK KONTAKT: SP-leiar Liv Signe Navarsete har fått mykje kritikk etter at det vart kjent at ho hadde teke kontakt med miljøvernministeren om E16 gjennom heimkommunen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Gjekk imot Vegvesenet si tilråding

Både Frp og Venstre har allereie kome med skarp kritikk mot Navarsete. Medlem i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, Abid Raja (V), sa allereie onsdag morgon at saka burde blir granska av komiteen.

Saka si kjerne er kor E16 skal gå gjennom Lærdalsdalen.

Lærdal kommunestyre gjekk inn for at E16 skulle gå i ein 5,5 kilometer lang tunnel forbi Ljøsne, og at E16 skal følgje ny trasé på heile strekninga frå Tønjum til Stuvane.

Det låg føre motsegn frå Statens vegvesen på det alternativet kommunestyret i Lærdal gjorde vedtak om. Saka vart difor send til Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd.

Etter årelang strid om kvar den åtte kilometer lange strekninga mellom Tønjum og Ljøsne i Lærdalstunnelen skulle gå, vedtok miljøvernminister Bård Vegard Solhjell ei veke før den raudgrøne regjeringa gjekk av i fjor, å leggje store delar av vegen i tunnel.

I forkant av dette hadde han altså blitt kontakta av Sp-leiaren, som sjølv bur om lag 300 meter frå europavegen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Michael Tetzschner

BØR GRANSKAST: Det meiner Michael Tetzschner som er nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

– Regjeringa kunne ikkje ta denne avgjerda

Michael Tetzschner (H) som er nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen ser fleire grunnar til at saka bør bli granska. I tillegg til at Navarsete har blanda seg inn i prioriteringsrekkjefølgja, meiner han den avtroppande regjeringa tok avgjerd i ei sak dei ikkje hadde grunnlag for å gjere det.

– Dette skjedde umiddelbart før regjeringa skulle gå av, og då er ikkje regjeringa ei regjering i vanleg forstand, men eit forretningsministerium. Dei skal då berre ta avgjerder som må takast, og ikkje avgjerder som er av stor økonomisk rekkjevidd, seier Høgre-politikaren.

Han viser til at dette er vanleg praksis, og meiner det å bruke 400 millionar kroner meir på ei vegløysing enn Vegvesenet har tilrådd, går utanfor kva eit forretningsministerium kan tillate seg.

– Dette er ikkje ei kurant avgjerd som ei regjering kan ta rett før dei skal gå av, meiner han.

NRK har snakka med fleire medlemmer av kontroll- og konstitusjonskomiteen. I tillegg til Abid Raja (V) og Høgre sin, Michael Tetzschner, meiner også Kenneth Svendsen (Frp), Erik Skutle (H) og Rasmus Hansson (MdG) at saka bør opp i komiteen.

– Forstår ikkje kva som skal kontrollerast

Leiaren i komiteen, Martin Kolberg (Ap) er på si side heilt klar på at dette ikkje er noko sak for dei.

– No er det slik at kontrollkomiteen sjølv avgjer kva saker den skal handsame, men etter mitt syn er dette ei sak som på ingen måte høyrer heime i kontrollkomiteen, seier Kolberg til NRK.no.

Han meiner det ikkje er noko gale med den kontakten som har vore mellom Navarsete og Solhjell.

– Etter det eg forstår har Navarsete på heilt reglementert grunnlag kontakta ein statsråd om ei sak der hennar kommunestyre har gjort eit samrøystes vedtak, og som ligg til handsaming i Miljøverndepartementet.

– Det er heilt legalt og heilt kurant å gjere det, så eg forstår ikkje kva som skal kontrollerast her.

– Ho er 100 prosent habil

Harald Tom Nesvik som er parlamentarisk leiar i Frp er på den andre sida av ei heilt anna meining, og skildrar det heile som svært uheldig saksgang.

– Dette vil kunne medføre spekulasjonar om at det er brukt kjennskap innad i regjeringa til å påverke ei sak der Navarsete bur like ved, sa han til NRK.no tidlegare i dag.

Den argumentasjonen følgjer ikkje Kolberg.

– Det er ikkje illegitimt at ein statsråd ringer ein annan, eller at ein stortingsrepresentant eller ein ordførar ringer til ein statsråd. Det er ikkje noko i dette som på nokon måte vedgår kontrollkomiteen, held Kolberg fast.

– Så du ser ingen grunn til at kontrollkomiteen skal ta opp denne saka?

– Nei, for det er ingenting å kontrollere. Hadde det vore indikasjonar på at Navarsete hadde vore inhabil, at ho hadde hatt interesser i saka av personleg karakter, så hadde det vore eit heilt anna spørsmål. Men eg forstår at det er ikkje tilfelle i denne saka, ho er 100 prosent habil, og då er det ikkje ei sak for oss.

– Dette må avklarast

Det er nok at fire av dei 12 representantane i kontroll- og konstitusjonskomiteen meiner det bør reisast sak, og alt går mot at saka hamnar på deira bord.

Nestleiar i komiteen, Michael Tetzschner (H), seier det er fleire ting som bør bli avklart.

– Det er uvisse rundt sakshandsaminga i regjeringa, både når det gjeld Solhjell og når det gjeld den som prøve påverke han, og klarte det, nemleg Navarsete. Som sjølv hadde sterke økonomiske interesser i saka. Dette er ting som må avklarast.

– Det andre som gjer dette til ei interessant og prinsipiell sak for komiteen er den fullmaktsoverskridelsen som ligg i at regjeringa har gitt seg sjølve lov til å gjere dette. Noko dei etter spelereglane ikkje kan, seier Tetzschner.

Møter gjerne komiteen

Sp-leiar Liv Signe Navarsete avviser at eigedommen hennar hadde tapt seg i verdi om E16 gjennom Lærdal ikkje hadde blitt lagt i tunnel. Ho seier ho ikkje angrar på at ho engasjerte seg i denne saka.

Til NRK.no seier Navarsete onsdag ettermiddag at ho gjerne møter kontrollkomiteen for å snakke om korleis politikarar best kan framføre lokalpolitiske vedtak for sentrale styresmakter.

– Det er ein viktig del av det norske demokratiet, seier Navarsete.