Hopp til innhold

Måtte utsette operasjonar på grunn av krangel mellom legar

FØRDE (NRK): Ei årelang og djup konflikt mellom legar ved kirurgisk klinikk i Helse Førde, førte førre veke til at sju pasientar fekk operasjonane sine avlyst og utsett.

Arne Skjelten, HR-direktør i Helse Førde.

SJELDAN OPPLEVING: HR-direktør i Helse Førde, Arne Skjelten, er tydeleg på at det er uhyre sjeldan at ein må stoppe operasjonar som ein følgje av ei personalkonflikt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi valte å utsette sju planlagde operasjonar, seier HR-direktør i Helse Førde, Arne Skjelten.

Han er personalsjef for alle dei om lag 3000 tilsette i helseføretaket, men han har aldri før opplevd at personalkonflikter får slike konsekvensar.

Krangelen mellom legane eskalerte då ein av dei blei tilsett som mellomleiar ved kirurgisk klinikk for to år sidan.

I desember i fjor kom det eit varsel på bordet til toppleiinga, men først no i november kom konklusjonen. Koronapandemien må ta skulda for at det tok så lang tid, seier Skjelten.

– Det vi kan seie konkret det er at den viser til, og det administrerande direktør konkluderer med, er at det har vore manglande tillit mellom legar og leiinga i avdelinga.

– Mistar tillit

NRK har vore i kontakt med den aktuelle mellomleiaren. Han ønskjer ikkje å kommentere saka, men stadfestar at han no byrjar å jobbe ei anna avdeling ved sjukehuset.

Det har vekt stor oppsikt internt i sjukehuset at arbeidskonflikta mellom legane no førte til at verneomboda måtte gripe inn og stanse operasjonar.

– Då vi utsette desse operasjonane, så gjennomførte vi på vanleg måte augneblikkeleg hjelp, kreftoperasjonar og andre operasjonar som hasta, seier Skjelten.

– Korleis kunne det skje at arbeidsmiljøet i eit så sentralt ledd i eit helseføretak kunne gå så langt at ein måtte gå til desse skritta?

– Slike ting vil erfaringsmessig vera noko som bygger seg opp over tid, og om ein hamnar litt i ein situasjon der ein mistar tilliten til kvarandre, så kan det ofte vera vanskeleg over tid å bygga den opp att.

Førde sentralsjukehus

JOBBAR HER: Førde sentralsjukehus er det største av sjukehusa i Helse Førde.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Tung prosess

Det var altså verneomboda som førre veke gjekk inn og kravde ein «time out» då konklusjonen i rapporten blei lagt fram.

Ingen av dei aktuelle verneomboda ønskjer å seie noko til NRK.

NRK veit at det blir jobba intenst for å reetablere eit godt arbeidsmiljø blant dei aktuelle legane ved kirurgisk klinikk.

Personalsjefen innrømmer at det har vore ein tøff prosess.

– Eg må vera ærleg og seie at den har vore tung og omfattande. Mykje av det skuldast at det har teke alt for lang tid. Generelt kan ein vel seie at jo lengre tid det tek, jo meir polarisert risikerer ein at ein slik prosess blir.

– Svært sjeldan

Skjelten peikar på at pasientbehandlinga har vore forsvarleg i dei 11 månadane etter at varselet blei levert inn.

Difor var det også rett å utsetje operasjonar førre veke, meiner han.

– Kva sa de til dei pasientane som fekk utsett operasjonen sin?

– Det veit eg faktisk ikkje. Eg er usikker på kva som vart sagt som bakgrunn der.

– Har du vore borti noko liknande i di tid som personalleiar?

– Det høyrer heldigvis til sjeldanheitene. Vi er ekstremt opptatt av å passa på at om det skulle vera den minste tvil, så gjer vi heller det enn å vera usikre på om det er forsvarleg.

Veit du noko om denne saka?

Har du tips i denne saka? Kontakt meg på telefon 95 09 03 18 eller på e-post.