Hopp til innhold

Distrikts-Venstre vil ha Frp ut av regjering

Venstre i distrikta vil ha Frp ut av regjeringa. Og sjølv kome inn.

Gunhild Berge Stang

VIL TIL KONGENS BORD: Fylkesleiar Gunhild Berge Stang i Sogn og Fjordane Venstre vil ha Frp ut av regjeringa. Og sitt eige parti inn.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Fylkesleiar og stortingsvara Gunhild Berge Stang i Sogn og Fjordane vil gå til val på eit nytt regjeringssamarbeid.

Til helgas fylkesårsmøte tilrår ho å søke makt saman med Høgre og KrF.

For Frp manglar hjartevarme, meiner ho.

– Eg meiner at den gode løysinga for landet er ei blågrøn regjering, som tar hand om verdiskaping og framtidige arbeidsplassar. Samtidig som vi har hjartevarme for innvandrarar og for dei svakaste.

– Er det mangel på hjartevarme i Frp?

– Ja. Og det er utfordrande å samarbeide med Frp i distriktspolitikken.

Også Venstre-leiar Trine Skei Grande har sagt at ho drøymer om ei blågrøn regjering utan Frp.

Frp går til val på vidare samarbeid

– At vi manglar hjartevarme kjenner eg meg overhovudet ikkje igjen i. Det får bli hennar ord, seier Britt Dalsbotten.

Ho står på toppen av Framstegspartiet si stortingsliste i fylket.

– Det er klart det har vore utfordringar på enkelte område, når det kjem til avgifter og asyl – og innvandringspolitikk. Men det har også vore mange gode resultat å ta tak i, så då må vi kunne sjå framover og bygge vidare på det, seier Dalsbotten

Framstegspartiet ynskjer å halde fram samarbeidet med dei andre borgarlege partia. Dei har tidlegare sagt at Frp ikkje vil støtte ei borgarleg regjering dei sjølv ikkje er ein del av.

Britt Dalsbotten Frp

VIL SAMARBEIDE: Britt Dalsbotten trur det er liten sjanse for at Venstre, Høgre og KrF klarer å danne ei borgarleg regjering utan Frp. Ho seier Frp ynskjer å halde fram samarbeidet med Venstre.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Venstre-einigheit om at Frp må ut

Terje Breivik er nestleiar sentralt i Venstre. Han har opplever at mange i partiet vil ha Frp ut av regjering.

– Det har ikkje vore mangel på hjartevarme i dei vedtaka og budsjetta venstre har vore med å forhandla. Men det er ikkje tvil om at det i integrering- og innvandringssamanheng er brukt ord og retorikk som er framande for oss i venstre, seier Breivik.

Venstre-nestleder Terje Breivik

NESTLEIAR: På Venstre sitt landsmøte i månadsskiftet mars-april skal Terje Breivik og dei andre politikarane i Venstre bestemme seg for kven ei vil samarbeide med.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Dei vanskelege sakene tek merksemda

– Men kvifor gjekk de i samarbeid med Frp, viss de meiner dei er så vanskelege?

– Venstre har oppnådd ganske mykje i samarbeid med denne regjeringa. Det gjeld både grønt skatteskifte, verdiskaping og nye arbeidsplassar. Men utfordringa er at vi blir assosiert med dei vanskeleg sakene, utan at vi får ære for dei gode sakene, seier Gunhild Berge Stang.

Heller enn å sitte i regjeringa sitt parlamentariske passasjersete, bør Venstre igjen ta plass rundt Kongens bord.

Fylkesstyret i Sogn og Fjordane Venstre

– Venstrefolk er skikkelege og anstendige folk som synest det vanskeleg å bli assosiert med den retorikken frå nokre i Frp, seier Gunhild Berge Stang.

– Denne frustrasjonen er over heile landet.

Vi finn det utfordrande å drive valkamp som støtteparti for ei regjering med Frp når vi ser at Frp flyttar maktbalansen vekk frå sentrum og mot høgre.

Førde, Naustdal, Jølster og Askvoll Venstre

– Kor sannsynleg er det partiet ditt vil bryte med Frp?

– Det er absolutt ikkje usannsynleg. Det er eit landsmøte som skal vedta dette. Men frustrasjonen over Frp ser vi over heile landet, og Sogn og Fjordane er ganske representativt.

Sogn og Fjordane Venstre held sitt fylkesårsmøte i Sogndal til helga.