Torsdag skulle dei 13 amatørskodespelarane i ungdomsgruppa til Sogn og Fjordane teater byrja arbeidet med å setje opp den danske barnebokklassikaren "Gummi-Tarzan". Men då ungdommane møtte opp til fyrste leseprøva, fekk dei denne meldinga frå instruktør Berit Snøan: "Disney gravlegg Gummi-Tarzan".
- Svart dag
- Det har vore ein svart dag, og det var ikkje noko kjekt å gi denne meldinga til ungane. No må vi prøve å finne eit anna stykke.
Det internasjonale Disney-selskapet kjøpte nemleg rettane til Tarzan-namnet då dei laga teiknefilmen Jungelkongen i 1999. Tarzan vart då eit varemerke, og då Disney fekk snusen i at den danske forfattaren Ole Lund Kierkegaard hadde vore frekk nok til å kalle hovudpersonen i boka frå 1975 for, ja - nettopp - Gummi-Tarzan, vart dei sinte.
Truga med rettsak
Berit Snøan
I kjent storkonsernstil truga Disney enka og dottera til Kierkegaard med rettsak. Tvisten enda med forlik, noko som inneber at Gummi-Tarzan vert heitande Gummi-T for all framtid. Det var heilt tilfeldig at instruktør Berit Snøan oppdaga dette. - Eg skulle søke om rettane til stykket, og det er normalt berre er ein formalitet. Men eg fekk berre reaksjonar som "du er gal" og "ikkje gjer det" då eg fortalde kva stykke det var. Så no må instruktør Berit Snøan finne eit anna stykke til amatørskodespelarane sine i vesle Førde for ikkje å bli saksøkt av det store Disney-konsernet.