Hopp til innhold

Direktør køyrde 100 mil for å tenne på eige hotell

Administrerande direktør på Selje hotell har i avhøyr innrømt at han køyrde eins ærend frå Stockholm for å sette fyr på hotellet.

Selje hotel i brann

FULL FYR: Selje hotell stod i full fyr og brann ned til grunnen, natt til 25. november i fjor.

Foto: Alvin Honningsvåg

– Han tilstod for nokre veker sidan. Han har i dag blitt varetektsfengsla i 14 nye dagar, seier mannen sin forsvarar, Per Kjetil Stautland.

Han vil ikkje gå i detalj på kvifor hans klient har valt å tilstå.

Den sikta hotelldirektøren er eigentleg busett i Stockholm og den 25 november tok han den over 100 mil lange køyreturen til Selje. Målet for turen var å brenne ned sitt eige hotell.

– Eg kan bekrefta at direktøren har tilstått slik som opplyst av forsvarar, seier politiadvokat Magnus Engh Juel i Vest politidistrikt i ein SMS til NRK.

Han er ikkje tilgjengeleg for vidare kommentar før tysdag.

NRK har tidlegare fortalt at politiet etterforska bompasseringa og mobiltelefonbruk, for å kunne plassere dei tre sikta i Selje i det aktuelle tidsrommet.

Selje - Stockholm II

Selje hotell brann ned til grunnen natt til 25. november og tre brør har vore sikta og varetektsfengsla sidan starten av desember.

– Det er ei lette å få vite at han har tilstått. Då har dei i alle fall kome eit godt stykke lenger i etterforskinga, seier tidlegare eigar av Selje hotell, Gerd Kjellaug Berge.

Opna branndører og slo av varslingsanlegg

Etter brannen har vitne NRK snakka med fortalt at om at dei ikkje høyrde brannvarslingsanlegget då det brann på hotellet.

Etter det NRK kjenner til stod dei to branndørene i kvar ende av romfløya opne under brannen. Det gjorde at elden kunne spreia seg til resepsjonen, og at brannen i romfløya fekk meir oksygen, noko som gav næring til flammane.

Hadde stor gjeld

I ettertid har det kome fram at hotellet hadde ei gjeld på om lag 16 millionar kroner, men at hotellet var fullforsikra.

Eigenkapitalen er nær seks millionar i minus, gjelda på totalt 16,3 millionar kroner. Rekneskapstala syner sviktande driftsinntekter og aukande finanskostnadar. Årsresultatet for 2015 var 2,4 millionar i underskot. Berre dagar før brannen kom det også eit tvangskrav frå Skatteetaten.

Nye veker i varetekt

Under ei veke etter brannen vart tre personar arrestert og sikta for å ha tent på hotellet. Av desse var hotelldirektøren og hans to brør.

Dei tre er sikta for grovt skadeverk og bedrageri etter hotellbrannen, med ei strafferamme på inntil 15 år.

Dei har vore varetektsfengsla sidan.

Måndag 27. vart februar vart mannen som no altså har vedgått å ha sett fyr på hotellet varetektsfengsla i ytterlegare to veker.

Fredag 24. februar vart den eine av dei to brørne til hotellsjefen varetektsfengsla i fire veker. Forsvararen til mannen seier til Bergens Tidende at dei vil anke avgjerda.

Morten Furuholmen som er forsvarar for den siste av dei sikta brørne seier til Bergens Tidende at hans klient er informert om at broren har tilstått, men at hans klinet står fast på at han er uskuldig. Måndag vart han varetektsfengsla i ytterlegare fire vekar.

Selje