Staten vil stoppa bibel-utdeling på skulen

Kvart år blir 15.000 eksemplar av Bibelen delt ut på norske skular. No kan det bli slutt på tradisjonen.

Ungdom les bibelen

VIL STOPPA BIBELUTDELING: Utdanningsdirektoratet meiner det opplevast som forkynning å få tildelt ein bibel på skulen. (Illustrasjonsbilde)

Foto: Sara Johannessen / SCANPIX

– Dette har blitt gjort ved norske skular i mange år. Eg synest det er ganske oppsiktsvekkande at direktoratet no ber kommunane stoppa det, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Men i ei fersk regelverkstolking er Utdanningsdirektoratet (Udir) klokkeklare.

Å gje elevar religiøse skrifter, bøker eller gjenstandar i gåve, kan opplevast som forkynning.

Det er i strid med opplæringslova §2-4, konkluderer Udir. I paragrafen, som berre omhandlar faget KRLE, står det spesifikt at undervisninga ikkje skal vera forkynnande.

Udir anbefaler difor kommunar å ikkje gje religiøse organisasjonar lov til å dela ut religiøse skrifter, slik som Bibelen. Vårt Land melde om dette først.

Ueinig i at det er forkynning

Kjell Ingolf Ropstad barne- og familieminister. Arendalsuka 2021

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Foto: Jon Anders Møllen / NRK

Ropstad meiner kunnskap om kristen tru og Bibelen er ein viktig del av læreplanen, og at det difor må vera greitt om at det blir delt ut biblar til elevar.

Han er også ueinig i at elevar i barneskulealder kan oppfatta det å få ein bibel som forkynning.

– Det er ingen som tvingar elevane til å lesa Bibelen dei får tildelt. Det er me heilt einige om at ikkje skal skje i klasserommet. Men her synest eg dei overreagerer. Eg skjønnar ikkje at det skal vera ei stor sak, seier Ropstad.

Er det greitt å dela ut bøker frå andre religionar?

– Ja. I desse dagar deler me ut brosjyrar frå ulike parti, så elevane kan lære om demokratiet og kva ulike parti står for. Om ein deler ut andre bøker i klasserommet vil eg ikkje reagera på det, når det er ein del av læreplanen.

Tomt klasserom på Hallermoen skole

No kan bli slutt på å dela ut biblar i klasseromma. (illustrasjonsbilde)

Foto: Caroline Enge / NRK

Human-Etisk forbund er nøgde

Den ferske regelverkstolkinga kom etter at Human-Etisk forbund sende brev til Udir og bad dei uttala kor vidt det er greitt eller ikkje å dela ut biblar i skulen.

Forbundet er nøgde med at Udir no har kome med ei grundig og tydeleg avgjerd. Det seier Lars-Petter Helgestad, leiar i politisk avdeling i Human-Etisk forbund.

– I dei tilfella der det trengst biblar eller andre religiøse tekstar i undervisninga, løyser ein det enkelt ved å bruka klassesett. Ikkje ved å sleppa inn misjonærar i klasserommet.

Men dei får jo berre tilbod om å ta i mot ein bibel?

– Det er eit sosialt press når ein legg opp til ein slik situasjon, seier han.

I 2018 kontakta ei mor i Stjørdal forbundet. Son hennar, ein femteklassing, var fast bestemt på at han skulle takka nei til å ta i mot ein bibel. Men då biblane vart delte ut, fekk han beskjed av ein vaksen i klasserommet at det var uhøfleg å ikkje ta i mot. Då torde ikkje guten anna enn å ta i mot, ifølgje Human-Etisk forbund.

I Vestnytt kom det i fjor fram at meinigheitsråda i gamle Fjell kommune i 2019 hadde brukt vel 60.000 kroner på å gje biblar til alle 5.-klassingane i kommunen.

Uvisst kor mange som får tilbodet

Helgestad opplyser at dei årleg får færre enn ti førespurnader frå foreldre av barn som har fått biblar på skule.

– Likevel er det prinsipielt viktig å rydda opp i. Og så er det også grunn til å anta at det er mørketal her.

Det er ikkje sikkert kor mange elevar som får tilbod om biblar kvart år. Organisasjonen Gideon, tidlegare Norsk Gideon, anslår at dei årleg har delt ut om lag 15.000 biblar og eksemplar av Det Nye Testamentet på skular. Gideon deler ut biblar og nytestament på hotell, fengsel, sjukehus, hospits, skular og andre stadar.

Ropstad trur uansett ikkje det er eit problem å dela ut Bibelen i klasserommet.

– Ingen skal bli tvinga til å ta imot eller lese Bibelen. Men det er det heller ingen som gjer. Viss det er elevar som ikkje ønsker den, er eg sikker på dei ikkje kjem til å lese den eller kaste den, og det får òg vere greitt, seier KrF-leiaren.