Hopp til innhold

Draum går i oppfylling - byggjer glasfabrikk i glas

Jonny Almenning har lenge hatt ein draum om å byggje ein fabrikk i glas. I sommar vert draumen hans realisert.

Tilbygg Nordvestvinduet

RETT INN I FABRIKKEN: Glasfasaden gjer at passerande bilistar kan sjå rett inn på robotane som utfører arbeidet på fabrikken.

Foto: Kjetil Lønnebakke / PV Arkitekter

– Ja, vi skal byggje ein fabrikk i glas, berre vent og sjå, smiler Almenning.

Han er administrerande direktør i verksemda Nordvestvinduet. I sommar vil eit nytt tilbygg til fabrikken i Allmenningen i Nordfjord stå klart.

– Vi skal utvide malingsanlegget vårt og robotisere det for fullt, fortel Almenning.

Tilbygget vil få ein stor glasfasade. Folk som køyrer forbi på riksvegen like i nærleiken vil ifølgje Almenning kunne sjå noko nytt og spanande.

– No ser dei oss på kontoret, vi sit jo i glashus. Men når tilbygget er klart vil folk også kunne sjå robotar som står og jobbar på innsida i fabrikken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jonny Almenning utvidar vindaugefabrikken

ARBEIDET I GONG: Arbeidet med å byggja draumen til Jonny Almenning er i full gong.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Verksemd i vekst

I førre veke kunne NRK fortelje at kommunane Bremanger, Selje og Vågsøy totalt har mista 761 private arbeidsplassar dei siste 12 åra.

Men Nordvestvinduet er i vekst.

– For 10 år sida var vi 33 tilsette her på fabrikken, medan vi var 72 personar i 2010. I dag er det 90 stykk som har arbeidet sitt her, fortel ein nøgd Almenning.

Samstundes tykkjer han det er bekymringsverdig at så mange arbeidsplassar i regionen har forsvunne.

– Det er overraskande store tal. Men næringslivet vil alltid endre seg, og eg ein må tilpasse seg. Vi har eit ynskje om å vekse vidare.