DIREKTE: Vi sender frå studentveka i Sogndal

SOGNDAL (NRK): Frå klokka 14 sender vi direkte frå studenthuset Meieriet i Sogndal og Vekao. Du kan høyre og sjå nye og gamle studentar - og sjølvaste Odd Nordstoga!

Måndag sender vi dagsendinga direkte frå Meieriet i Sogndal, der studentveka Vekao er i full gang.

SJÅ SENDINGA: Vi sender både på radio og i nett-TV frå 14:03-17:00.

Sidan 1998 har eit gammalt meieribygg tiltrekt tusenvis av festglade studentar og nokre av Nordens største artistar.

Denne veka feirar studentplassen Meieriet i Sogndal Vekao, si eiga stjerneparade av store og små aktivitetar.

Vi sender direkte på radio og nett-TV frå Meieriet. Vi skal få høyre kva som lokkar artistane hit, kva dei gjer backstage, kvifor studentane prioriterer timesvis med gratisarbeid framfor verdifull studietid. Og vi skal også vere med på isbading når dei aller friskaste ungdommane kastar seg i den snødekte Sognefjorden.

Erlend Blaalid Oldeide og Stian Sjursen Takle har flytta studio til kafeen Labben. Medan reporter Aleksander Båtnes fartar rundt i Sogndal og tek tempen på studentmiljøet.

Du kan høyre sendinga på NRK P1 eller i nettradio. Du kan også sjå sendinga direkte i nett-TV mellom 14:03 og 17:00.