Hopp til innhold

Digitale møte drep dress-salet

NORDFJORDEID (NRK): – Kundane sit på Teams. Dei vil ha stretch og komfort, seier butikksjef. I Japan er allereie «pyjamasdressen» introdusert.

klesbutikk i Nordfjord

KLER SEG IKKJE OPP: Hittil i år har omsettinga til herreekviperinga i Nordfjord på Vestlandet gått ned med 35 prosent. Fra venstre: Rune Taklo og Stian Sølvberg.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / Per-Ivar Kvalsvik

– Folk reiser ikkje på konferansar. Dei sit på Teams, seier Rune Taklo, dagleg leiar i Frislid Konfeksjon på Nordfjordeid.

Hittil i år har dressalet gått ned med 35 prosent. Forklaringa er enkel: Ein stor del av marknaden er ganske enkelt vekke.

– Det er rett og slett færre reiser og møter der folk går i dress, forklarar Taklo.

Det var Fjordabladet som fyrst omtala saka.

Butikksjef på Eid, Stian Sølvberg, har sett det same:

– Då er det litt meir casual. Det merker vi. Kundane vil ha stretch og komfort.

HERREEKVIPERING: Alf Frislid starta selskapet i 1946. Her ei annonse i Fjordabladet frå oppstartsåret.

ANDRE TIDER: Alf Frislid starta selskapet i 1946. Her ei annonse i Fjordabladet frå oppstartsåret.

Foto: Faksimile / Fjordabladet

– Kundar etterlyser behagelege jobbantrekk

Og folk i resten av verda er ikkje noko annleis.

I Japan har dressprodusenten Aoki funne sin eigen løysing på marknadssvikten: ein hybrid mellom pyjamasen og dressen.

Møt «pyjamasdressen», skreddarsydd for den nye «videomøte-marknaden», og med mål om å kombinere det beste frå to verder:

Komforten ifrå pyjamasen pluss det presentable og formelle ifrå dressen.

– No som folk er så mykje heime, har mange kundar etterlyst behagelege jobbantrekk, seier ein representant for bedrifta til Reuters.

Han legg til at buksa har strikk i livet, og skal vere «behageleg over lengre periodar i alle positurar».

Laster Twitter-innhold

Endringar på jobbmarknaden

Endringane i klesmarknaden kjem i fortsettinga av endringar på jobbmarknaden og korleis vi organiserer arbeidslivet.

– Heimekontoret er komme for å bli, sa Øystein Dørum i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) i november.

Han viste til at «halvparten av alle jobbane vil kunne gjerast heimanfrå», og at trenden berre vil fortsette:

– Fordi mange har innsett kor effektivt det er å gjere fleire møter digitalt.

PYJAMASDRESSEN: Komforten ifrå pyjamasen pluss det presentable og formelle ifrå dressen.

HYBRID: Hels på «pyjamasdressen», skreddarsydd for den nye «videomøtet-marknaden». Komforten ifrå pyjamasen pluss det presentable og formelle ifrå dressen.

Foto: Reuters

Ei analyse av europeiske land viser at mellom 35 og 45 prosent av befolkninga i Tyskland, Danmark, Frankrike, Sverige og Nederland jobbar med oppgåver som det er mogeleg å utføre heimanfrå.

Men undersøkingar, som denne, viser at dei same arbeidarane også ynskjer ein arbeidsplass å gå til – ein hybrid mellom heimekontor og kontor-kontor.

– Av medgang du blir sløv

Attende i Nordfjordeid er ikkje herreekviperinga heilt utan håp. Også der har de ein «kosedress» med stretch («men dette er det vi kallar krydder»).

– Det er tøff tid, men vi har aldri hatt så god respons på det vi lager, seier Rune Taklo

Han legg til:

– Og motgang er ikkje det verste. Det er av medgang du blir sløv.