Digital detox

Hadde du klart deg utan mobil og andre skjermar i tre døgn?

Elevane på denne Hardanger-skulen har fått ei skikkeleg utfordring.

I tre døgn skal elevane ved Framnes Kristne vidaregåande skule i Kvam klara seg utan mobil og andre skjermar.

Klassane konkurrerer mot kvarandre om minst mogleg skjermbruk. Vinnarklassen får ein pizzakveld.

Korleis skal det gå?

Kjem nokon til å sprekka?

Rundt 170 mobiltelefonar er levert og låst inne på lærarrommet.

Tanken er at elevane skal få kjenna sjølv på kroppen korleis det er å vera skjermfri.

«Eg skal innrømma at det var ingen hallelujastemning då eg kom med forslaget. »

Magnus Hisdal, lærar

Men etter kvart vart elevane skikkeleg gira.

Og konkurranselysten meldte seg.

Marthe (17) er heilt utan telefon.

Lilly (17) har mobilen sin, men kan berre bruka den til å ringa eller senda SMS.

Det vart nemleg for vanskeleg å levera inn telefonen.

Lilly bur langt heimanfrå og likar å ringa heim.

Men Lilly har tidsgrense slik at ho ikkje kan bruka mobilen til andre ting.

Ei fersk ungdata-undersøking viser at i fjor brukte 72 prosent av ungdommane minst tre timar dagleg på skjerm.

Og det er utanom bruk i skuletida.

«Du kan enda opp med å bruka fleire år på skjermen. Då byrja eg å tenka over kva eg vel å bruka tida på. »

Marthe Solheim

I klasseromma er det berre penn og papir som gjeld no.

Fleire har tatt fram bøkene.

I friminutta ser ein at ungdommane diskuterer ting i avisene.

Dei bryner seg på quizspørsmål og finn fram brettspel.

Lilly er eigentleg glad i å måla, men får aldri tid til det.

Før no.

No er mobilen bytta ut med målarpenslar.

Ho merkar at ho blir fortare trøtt om kveldane og at det er lettare å sovna.

Skulen håpar at den digitale detoxen kan bli ein årleg tradisjon.

Lilly er skeptisk, medan Marthe er klar.

«Eg trur vi har godt av det. Og det har vore spennande å kjenna på korleis kroppen ville reagera.»

Marthe Solheim

«Eg må innrømma at det vart ikkje så ille som eg først trudde.»

Lilly Pauline Voldsund

Berre nokre få måtta krypa til korset og henta dei innelåste telefonane sine før tida.

Men fleirtalet klarte å venta i tre døgn.

Og då var det litt av ei gjensynsglede.

Distriksredaktør NRK Vestland

Dyveke Buanes
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal