Fryktar korona-katastrofe for flyktningane i Hellas

Då han såg det ikoniske biletet av guten som låg med andletet i sanden på Lesvos, forstod han at han måtte hjelpe flyktningar. No kjempar han for at borna i den greske flyktningleiren Moria skal evakuerast.

Flyktningar i Moria-leiren på Lesvos i Hellas.

DESPERAT: Flyktningar bur tett saman med dårlege hygieniske forhold i Moria-leiren på Lesvos i Hellas.

Foto: Manolis Lagoutaris / AFP

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Eg fryktar at dess lenger dei blir der, dess større blir distansen for å kome tilbake som ein samfunnsressurs, seier Ole Petter Heggestad, styremedlem i Dråpen i havet.

Organisasjonen jobbar for å betre situasjonen for flyktningar. Heggestad er uroa for ei korona-katastrofe i flyktningleiren Moria i Hellas.

20.000 menneske bur i leiren som eigentleg er bygd for 3000. Det betyr mellom anna trengsel og vanskelege vasstilhøve. Toalett er fulle, og regn fører til gjørme overalt.

– I Moria finst ikkje hygienetiltak. Det finst verken desinfiseringsmiddel, munnbind eller hanskar til folk, sa Shafiullah Jahangir til NRK for ei dryg veke sidan.

Han bur i Moria på øya Lesvos og sende NRK ein video frå tilhøva. Journalistar har vanskeleg for å kome inn og rapportere derifrå.

I ein annan leir, nord for Aten, er 20 menneske koronasmitta. Heile leiren er no sett i karantene.

Digital demonstrasjon

Folk frå heile Europa kjempar no for at dei 7499 borna i flyktningleiren Moria skal evakuerast.

Onsdag gjekk fleire organisasjonar og artistar saman for å halde ein digital demonstrasjon for borna.

Nær 100.000 menneske var innom den digitale demonstrasjonen med mottoet «evakuer barnefamiliar frå Moria nå». Demonstrasjonen vart direktesend på Facebook, mellom anna frå ei strand dekt av 7499 par sko. Eit par per barn som er i leiren.

Jenny Skavlan, Kristoffer Joner, Tale Maria Krohn Engvik (kjend som Helsesista), Nicolai Cleve Broch og Frida Ånnevik er blant kjendisane som har lagt ut bilete av seg sjølv med plakat med skrifta «evakuer barna fra Moria nå».

View this post on Instagram

#evakuerbarnaframorianå

A post shared by Evakuer Barna Fra Moria Nå! (@evakuer_barna_fra_moria_naa) on

Tydeleg nei

Så langt blir ikkje bønene til aktivistane høyrde. Norske styresmakter vil førebels ikkje hente flyktningar frå Moria eller andre leirar. Men det finst ei opning:

– Når det gjeld relokalisering, har vi sagt at vi skal vere med på breie europeiske løysingar. Så langt har det ikkje lukkast å få på plass dette, sa justisminister Monica Mæland på ein pressekonferanse torsdag 2. april, ifølge NTB.

Mæland påpeika også at slike løysingar er vanskelege fordi flyplassar er stengde og transportmoglegheiter i stor grad ikkje finst.

– Men Noreg er med i desse debattane og skal bidra viss vi får på plass gode europeiske løysingar, sa ho vidare.

– Umenneskeleg

Ole Petter Heggestad frå Sogn har vore på sju turar til Lesvos for å hjelpe til i Moria-leiren. Han skildrar staden som umenneskeleg.

– Det var ille i desember, verre i februar, og no er det verre enn nokosinne. Me kan ikkje vente på ei langsiktig løysing.

– Det som er frykta no er smitte i ein slik leir. Då vil det legge beslag på all den vesle helsehjelpa dei får der. Så dei ungane som er mest sårbare, får i alle fall ikkje hjelp, seier Heggestad.

Status Norge

Sist oppdatert: 27.05.2020
8383
Smittet
34
Innlagt
235
Døde