Difor strevar Widerøe med ferieutfarten

Widerøe har store problem med å få nok flydelar etter pandemien. Midt i haustferien vart flyavgangar over store delar av landet enten forseinka eller kansellerte.

Widerøe på Kjevik

WIDERØE: Fleire av selskapet sine avgangar har hatt trøbbel i haustferien.

Foto: Anders Martinsen UAS Norway (POOL)

– Dette skapte problem for mange av våre passasjerar. Vi beklagar og er verkeleg lei oss, seier kommunikasjonssjef Catharina Solli.

To fly som måtte settast på bakken på grunn av tekniske problem, skulle fredag føre til mange følgefeil og stor frustrasjon for passasjerar.

Trafikken i helga har vore stor sidan haustferien gjekk mot slutten i store deler av landet, medan resten av Noreg har hatt feriestart.

Lista er lang:

Heldt på å lage bryllaupskrise

Fleire har merka problema. Forfattar og kokk, Anders Totland, skulle lage maten og spele orgel i kyrkja under bryllaupet til eit venepar.

Då flyet til Bergen frå Kristiansund vart kansellert på grunn av teknisk feil var gode råd dyre.

Totland fekk ordna fly frå Molde i staden for, men når han kom fram dit var også flyet derfrå kraftig utsett.

Vel framme i Bergen, seint på natta, vart løysinga å skaffe seg bil via kjente og køyre den tre timar lange turen til Kvinnherad grytidleg om morgonen.

Totland rakk fram så vidt. Han seier det kanskje var lite gjennomtenkt å reise så seint på ein fredag, med eit viktig oppdrag laurdag.

– Eg starta på kjøkenet, spelte orgel i kyrkja, og gjekk tilbake til kjøkenet. Så fekk eg meg ein skikkeleg bra fest om kvelden, seier Totland.

Anders Totland

STRESS: Anders Totland vel framme på kjøkenet i Kvinnherad der han skulle ordne bryllaupsmaten.

Foto: Privat

Problem etter pandemien

Selskapet forklarer ein del av problema med pandemien, som har gitt selskapet store utfordringar i tida etterpå.

Flytrafikken var nede. Når landet no er opna att skal mange reise, men verda er ikkje tilbake til normalen.

– Det betyr lengre leveringstid på flydelar enn i ein normalsituasjon. Det igjen gjer at det tek lengre tid enn vanleg å få fly som er inne til teknisk tilsyn, ut på rute igjen, seier Solli.

Selskapet innførte også tilsettingsstopp under pandemien, som gir selskapet problem no.

– Vi har i denne tida mista mange kollegaer som har slutta av naturlege årsaker. No rekrutterer vi igjen og vi har nettopp avslutta kurs for nye kabintilsette.

Catharina Solli, kommunikasjonssjef i Widerøe.

BEKLAGAR: Catharina Solli, kommunikasjonssjef i Widerøe.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Har leigd inn finsk flyselskap

Frå 1. september har Widerøe leigd inn NoRRa (Finnair sitt regionale flyselskap) for å drifte fire ruter på Vestlandet.

Dette er gjort for å møte behovet for flyreiser medan selskapet trenar opp eige personale som skal ta over etter kvart.

– Vi skulle så gjerne vore forseinkingane forutan. Vi har jobba utan avbrekk for å vareta alle og få alle fram til slutt, avsluttar Solli.

Gjekk bra til slutt

Sjølv var det ein letta, men sliten kokk og organist som rakk fram til bryllaupet i tide.

– Eg er glad for at flyselskapa held oss på bakken når det er teknisk svikt. Alt i alt. Det hadde sjølvsagt vore skikkeleg dumt om kokken og organisten ikkje kom seg til bryllaupet. Når det står på synest ein litt synd i seg sjølv, men slik er livet.