Hopp til innhold

Difor ligg det eit grått slør over Sør-Noreg

Luftmålarane blinka raudt i fleire byar og sikta vart med eitt dårleg fleire stader i deler av Sør-Noreg.

Dis av støvpartiklar på Byrkjelo.

TETT DIS: Slik såg det ut på Byrkjelo i Gloppen i ettermiddag. Fjella er knapt synlege i den tette disen.

Foto: Odd Støyva

Mange har i dag undra seg over den tette disen som har sige inn over Vestlandet, Trøndelag og deler av Sørlandet. Mange stader har disen vore så tjukk at den har skygga for sollyset, som ei mystisk tåke

Såpass tett har disen vore at fleire byar i dag sende ut varsel om dårleg luftkvalitet på raudt nivå. Fredag kveld er det raudt nivå i Trondheim, Ålesund, Drammen, Elverum og Lillehammer. Tidlegare i dag var det også raudt nivå i Bergen.

Samstundes har det vore spekulert i om det kan vere sand frå Sahara eller røyk frå skogbrannane i California.

Ein telefon til Meteorologisk institutt gir oss svaret.

– Det er svevestøv frå jordbruksområde i Aust-Europa, seier statsmeteorolog John Austerheim.

Disig i Sognefjorden

DÅRLEG SIKT: Det har vore vanskeleg å sjå over Sognefjorden i dag. Her frå Norevik mellom Vadheim og Lavik.

Foto: NRK-tipsar

– Hald deg inne

Eit ikkje ukjent fenomen når det bles kraftig frå søraust.

– Støvpartiklane vert virvla opp frå tørre jordbruksområde og den kraftige austvinden tek dei med seg over fjella, og så fell dei ned igjen på Vestlandet, seier Austerheim.

Meteorologisk institutt har fått rapportar om tett dis også på Sørlandet.

– Dei som har dårleg pust eller astma set nok ikkje pris på dette. Viss dei merkar at støvet påverkar luftvegane, så bør dei halde seg inne, er oppmodinga frå meteorologen.

Raud og disig soloppgang i Bergen

STERKE FARGAR: Soloppgang i Bergen i dag.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Raudt farevarsel

Den same oppmodinga kjem og frå blant andre Bergen kommune som sende ut varsel om luftforureining på raudt nivå tidleg fredag.

– Hovudkjelda til dei høge målingane er svevestøv. Men det kjem verken frå biltrafikken eller vedfyring. Det er mest truleg langtransportert ureining, seier Haldis Haukås Lillefosse ved Miljøretta helsevern i Bergen kommune.

Også i Trondheim har kommunen sendt ut raudt farevarsel om høg luftforureining på grunn av svevestøvet.

Trondheim

LUFTFORUREINING: Slik såg himmelen ut over Trondheim fredag ettermiddag. No har kommunen sendt ut raudt farevarsel.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Meteorologen utelukkar ikkje at disen vil verte liggjande i nokre dagar.

– Denne vêrsituasjonen, med kraftig søraustleg vind, er ganske stabil i helga og utover i neste veke. Men om det kjem regn i Aust-Europa kan transporten av støvpartiklar stoppe.

Sand frå Sahara

Langvegsfarande støv som gir dis og støv på bilar og hagemøblar er ikkje eit ukjent fenomen.

– Det er ikkje heilt sjeldan det kjem sand frå Sahara i samband med sandstormar og kraftig sønnavind, som tek med seg støvet opp hit. Denne sanden kan du gjerne sjå på bilar som raudleg støv, forklarar Austerheim.

Disig ved Hustadvika.

SPESIELL HIMMEL: Slik såg himmelen ut ved Hustadvika fredag ettermiddag.

Foto: Karl Martin Sandnes