Hopp til innhold

Difor kan det vere lurt å ta ein PCR-test i tillegg til heimetest

Edouard Andrei fekk råd frå mora si om å ta ein PCR-test. Det kan vere ein fordel når du skal ut å reise.

Mann som blir koronatesta

TESTSTASJON: – Nasa var verst. Då kjente eg pinnen langt inni nasen, seier Edouard Andrei etter å ha blitt koronatesta.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde

– Eg tek PCR-testen for då treng eg ikkje å ta tredje vaksinedose, seier Edouard Andrei.

Han testa positivt på ein hurtigtest, men trong likevel ei oppfordring frå mora si før han kom seg til teststasjonen. No tek han PCR-test, slik at han slepp å ta den tredje vaksinedosen.

1. februar endra EU reglane for kva som gir gyldig koronasertifikat. No må du ta ein tredje vaksinedose viss det har gått meir enn 270 dagar sidan andre dose.

Dersom du har hatt korona dei siste 180 dagane, slepp du likevel å ta den tredje dosen.

– Det er ingen medisinsk grunn til å ta PCR-test, men det har ein del praktiske konsekvensar, seier kommuneoverlege i Sunnfjord kommune Øystein Furnes.

Hurtigtest ikkje nok

– Viss du testar positivt på ein sjølvtest, ønsker vi at du registrerer svaret på kommunen si heimeside, seier assisterande direktør ved Helsedirektoratet, Espen Nakstad.

Ifølge direktoratet har cirka 20.000 nordmenn registrert koronasmitte basert på positiv sjølvtest.

Ein koronatestar kler av seg verneutstyr

TESTAR: Sjukepleiarstudent Andrea Roti Andersen kler av verneutstyret etter ei roleg vakt på teststasjonen i Førde.

Foto: Ingeborg G. Slinde

Sjølv om du registrerer ein positiv sjølvtest på kommunen si heimeside, blir sjukdommen likevel ikkje registrert i koronapasset.

Du må difor ta ein PCR-test hos fastlegen eller på teststasjonen i kommunen for å registrere smitten i koronasertifikatet. PCR-test er framleis gratis i kommunane.

PCR for grønt koronasertifikat

Viss du ikkje har trippel dose med koronavaksine, vil ein positiv PCR-test gi eit koronapass som er gyldig i 180 døgn. Trippelvaksinerte har ikkje behov for PCR-test. Dei har eit gyldig koronapass på ubestemt tid.

– Det er heller ikkje hensiktsmessig å teste seg dersom ein har hatt korona i løpet av dei siste tre månadane, seier smittevernoverlege Furnes.

PCR-testen kan nemleg slå ut positivt lenge etter ein har hatt ein koronainfeksjon. Ifølge han er det også lite sannsyn å bli smitta igjen av korona dei første tre månadane.