Sjøkrigaren som aldri blir for gamal for nye eventyr. Tvert imot ...

– Eg har eitt ord som heiter «Meirårig, grånande, krumnakka og røynd mann kan. Sprek i skinn, ung og litt galen i sinn. Han vinn».

Eventyraren Ragnar Thorseth er komen til Måløy.
Målet er Shetland, 46 år etter den første roturen til øya i vest.

KLAR FOR TOKT: Ragnar Thorseth hadde eigentleg lagt sjøeventyra på hylla. No er han i gang med ein ny rotur til Shetland. I open båt. (FOTO/REDIGERING: SINDRE SUNDE TVEIT OG STINE KYRKJEBØ JOHANSEN/NRK)

Orda kjem frå vår tids største sjøfarar. For verken hjerneslag eller ein 67 år gamal kropp hindrar Ragnar Thorseth frå å ro dei 320 kilometerane til Shetland. Og heim att.

Ragnar Thorseth

DRONNINGA: I 1969 fekk Ragnar Thorseth møte Dronning Elisabeth av England. – Eg har ingen avtale i år, men eg tek gjerne ein prat som sist om ho er der, seier han.

Foto: Harald Kolseth

Det for første gang sidan 1969 i ein open robåt. Då var Thorseth 21 år gamal.

– Eg gler meg. Eg plar ikkje grue meg for noko, seier han.

Må slipe kniven – igjen

Sunnmøringen har gjort unna første del av trenings- og transportetappen mot Utvær. Dei første åretaka på vegen tok han i førre veke i Fosnavågen, før han runda vêrharde Stad og søndag segla inn til flytebryggja på hamna i Måløy.

Ragnar Thorseth ror til Shetland

ARKIV: Ragnar Thorseth ror i open båt over Nordsjøen. (FOTO: BERGEFILM)

I tur og orden står Rugsund, Kalvåg, Eivindvik og Utvær for tur. Så ventar storhavet.

– Eg må slipe kniven på Utvær. Det gjorde vikingane. Der er det eit skår i fjellet der dei stod og slipte sverda sine. Det blir tredje gong eg sliper kniven min der, seier Thorseth.

Hadde lagt opp

Thorseth nyttar tida i Måløy til å proviantere og komplettere bagasjen til roturen over Nordsjøen. Han har eit godt forhold til Måløy, der han budde i tre år. Det var også her han fann kona si gjennom mange år, Kari.

Færingen til Ragnar Thorseth

ROMSKIP: Thorseth skildrar båten som eit romskip i høve båten han rodde i 1969. – Ein god del kunne gjort det same eigentleg. Om dei kunne og ville, seier han.

Foto: Harald Kolseth

Då Kari omkom i ei drukningsulukke i Thailand romjula 2013, bestemte han seg for å gjennomføre ein ny tur til Out Skerries. Eigentleg hadde han slått frå seg sjølivet.

– Nei, noko må ein gjere på. Eg følte det var litt tidleg å leggje opp, seier han medan han famlar etter noko kvalkjøt under presenningen.

Kan ikkje søkke

Båten er langt betre rusta enn då han i 1969 la ut på sitt første tokt over Nordsjøen. Thorseth har mellom anna kommunikasjonsutstyr, to lensepumper og ein færing «full i flytemiddel».

– Båten kan ikkje søkke, seier han skråsikkert om fartøyet som han skildrar som eit romskip i høve 1969.

– Tryggleiken er så godt vareteken som eg kan. Eg har alt som kan kjøpast for pengar, og som eg har plass til, seier han og meiner å vere godt budd for turen.

– Det er viktig. Det er ein føresetnad for å lukkast, legg han til.

– Heilt frå hjartet, er du trygg på at du kjem over?

– Ja, det er eg. Eg er trygg på at eg både kjem meg over og heim att.

Laster kart, vennligst vent...

RUTA: Slik blir ruta når Ragnar Thorseth på nytt skal ro tur-retur Shetland. I 1969 møtte han Dronning Elisabeth.