- NRK fekk først oppgjeve feil alder på vraka bilar. Nettsaka er oppdatert med dei rette tala.
Det seier Hans Olav Hellesøe, leiar for ulukkesanalysegruppa i Statens vegvesen Region Vest.
I løpet av mars omkom to personar på norske vegar. Så langt i 2018 har 16 mista livet i trafikkulukker. Begge tala er rekordlåge.
– Dette er dei lågaste tala vi har hatt etter eit første kvartal sidan vi starta å lage skikkeleg statistikk. Eg trur difor vi må minst 70–80 år tilbake i tid for å finne så få trafikkdrepne, sa vegdirektør Terje Moe Gustavsen då statistikken vart presentert nyleg.
Nybilsalet aukar
NEDGANG: Hans Olav Hellesøe hos Statens vegvesen er glad for at færre personar døyr på norske vegar. – Det er godt å sjå at færre prestar må reise rundt og fortelje familiar at dei har mista nokon dei er glade i, seier han.
Foto: NRKBuskerud, Telemark, Vest-Agder, Hordaland, Sogn og Fjordane og Finnmark har så langt i år ikkje hatt dødsulukker.
Hellesø meiner ein yngre og meir trafikksikker bilpark er ein viktig del av forklaringa på den positive utviklinga.
– Bilen varetek personen inni på ein veldig god måte i høve tidlegare. Den fangar opp energien slik at du ikkje får energi gjennom kroppen din på same måte som før, seier Hellesøe.
Selde 60.000 fleire nybilar
I løpet av dei siste ti åra er snittalderen på bilparken redusert monaleg. Ei viktig årsak er at nybilsalet har auka kraftig. Frå vel 98.000 nye personbilar i 2009, til 158.650 i fjor.
- Les også:
- Les også:
Det er det største nybilsalet sidan midten av 80-talet.
– Nyare bilar har ein viktig funksjon; Beskytte når det går gale. Ulukker kan skje, men sterkare og betre utstyrte bilar reduserer skadeomfanget i kollisjonar, seier Hellesø og er glad for at dødstala i trafikken går nedover.
Vrakar bilar etter 18 år
FOR GAMLE: Inger Elisabeth Sagedal og NAF jobbar for at bilane skal bli billegare å kjøpe i Noreg.
Foto: Erik Norrud / NAFUtviklinga gler også Norges Automobil Forbund. Kommunikasjonssjef Inger Elisabeth Sagedal seier snittalderen på bilparken i Norge har gått frå 10,5 i 2013 til nærare 10 år.
- Les også:
- Les også:
Ho er samd i at ein yngre og tryggare bilpark reduserer dødstala. Forbundet ivrar spesielt for å senke avgiftene, redusert omregistreringsavgift og auka vrakpant.
– Vi ynskjer at fleire skal ha moglegheit til å skaffe seg nyare bil, men framleis er bil for dyrt i Norge, seier Sagedal.
Ifølgje Statistisk Sentralbyrå har snittalderen på bilar som blir vraka gått ned frå 18,4 til 18,2 sidan 2013.
– NAF meiner den bør vere 14 år, seier Sagedal.
Sterkare kupe
Hellesøe meiner foreldre bør la ungdomane nytte dei nyaste bilane.
Desse har sterkare kupe og moderne hjelpemiddel for å unngå kollisjonar og redusere skadeomfanget om uhellet først er ute.
- Les også:
– Når vi har brukt så mykje pengar og energi på å få ein unge opp til 18 år, så bør ein stå løpet litt til og la dei låne bilen. Er dei uheldige, så er det forsikring på bilen, seier han.