Hopp til innhold

Difor fryktar dei for jobbane sine

Bygget som husar Vegtrafikksentralen i Lærdal er lagt ut for sal. No fryktar dei tilsette at dei kan miste jobben.

Ketil Molvær

FOR SAL: Vegstasjonen i Lærdal er lagt ut for sal. Ketil Molvær fryktar for dei fem arbeidsplassane på Vegtrafikksentralen om det faktisk skjer.

Foto: Privat

Dei tilsette vart svært overraska då dei måndag kom på jobb og vart møtte av eit skilt som sa at huset var til sals, skriv Sogn Avis.

I tillegg til fem tilsette ved Vegtrafikksentralen, jobbar det også tilsette i kyrkja, kommunen og to personar frå bedrifter i andre kantar av landet, til saman 12 stykk. Dei har skrive brev til ordføraren og varsla om det dei meiner vil bli negative konsekvensar av eit sal av bygningen. Men førebels har dei ikkje fått svar, ifølgje avisa.

Dei tilsette ved Vegtrafikksentralen opplever frå tid til anna at Vegvesenet vil avvikle sentralen i Lærdal og flytte arbeidsplassane til Bergen i staden. Når huset der sentralen ligg no kan bli selt fryktar dei tilsette for følgjene.

– Dersom Lærdal kommune gjer alvor av å selja vegstasjonen, fryktar vi for at arbeidsplassane våre vil ryke. Difor meiner vi at politikarane må skjere gjennom, og stogge salsprosessen, seier vaktoperatør Ketil Molvær til Sogn Avis.

Kor vidt det faktisk er aktuelt å selje bygget er usikkert. Ifølgje avisa sa både ordføraren og varaordføraren i kommunen tysdag at det ikkje er aktuelt å selje vegstasjonen.

Seinast for eit år sidan tok ordførar Jan Geir Solheim til orde for at det burde bli fleire arbeidsplassar ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.