Innfører fritt skuleval - dermed blir den omstridde Hordalandsavtalen overflødig

Den omstridde Hordalandsavtalen i vidaregåande skule blir unødvendig når den nye regjeringa no innfører fritt skuleval – på tvers av fylkesgrenser.

Folkemøte Byrknes

KAN PUSTE LETTA UT: Med fritt skuleval kan elevar i Gulen også i framtida gå på skule på Austrheim i Hordaland. Her var dei samla til eit protestmøte mot nedlegginga av avtalen i vår.

Foto: Hans Petter Martinussen / NRK

Avtalen har gitt elevar frå Gulen, Solund og Aurland lov til å gå på vidaregåande skule i Hordaland. Men no blir avtalen overflødig.

Med ei borgarleg regjering vil alle elevar få velje skule fritt, også på tvers av fylkesgrensene. Medlem av hovudutvalet for opplæring i Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo, er glad det blir ei meir generell avtale som skal gjelde.

– Det blir slutt på at ein må ha ei spesialavtale for kvart enkelt tilfelle der ein let elevar få gå på skule over fylkesgrensa, seier Venstre-politikaren.

Har stått i fare fleire gonger

Den såkalla Hordalandsavtalen kom i stand på slutten av 1990-talet for at vidaregåande elevar frå Gulen og Solund skulle kunne dagpendle til Austrheim i Hordaland. Dette i staden for å måtte flytte på hybel i eige fylke.

Trude Brosvik

NØGD: Trude Brosvik (KrF) i Gulen er svært godt nøgd med at elevar frå kommunen hennar framleis kan gå på skule i nabofylket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Same ordninga gjeld for elevar frå Gudvangen i Aurland som kan søkje studieplass på Voss. Årleg har kring 50 elevar nytta ordninga, og kostar fylket kring sju millionar kroner i skuleskyss og kjøp av studieplassar i året.

Avtalen har fleire gonger vore oppe til debatt, og seinast ved handsaminga av skulebruksplanen for Sogn og Fjordane sist sommar føreslo fylkesrådmannen å avvikle avtalen. Men fleirtalet ville vidareføre avtalen.

Krf-politikar Trude Brosvik frå Gulen har kjempa for Hordalandsavtalen i alle år. At regjeringa no gir elevane rett til fritt skuleval på tvers av fylkesgrensene gler ho veldig.

– Dette blir bra for lokalsamfunnet og for alle dei familiane som slepp å ta kampen her i fylket. Dette er noko som har vore usikkert heile tida, seier ho.

Trur på standardiserte reglar

Med den nye ordninga ventar Alfred Bjørlo (V) at det kjem sentrale retningsliner som regulerer økonomien når elevar søkjer plass i andre fylke.

– Det som har vore litt av problemet med Hordaland-avtalen fram til i dag er at elevane i utgangspunktet ikkje har hatt nokon rett på skuleplass i Hordaland, og det har blitt forhandlingar mellom to fylkeskommunar.

– Der har eine parten sete med sterke kort, ved at dei har hatt skuleplassane, medan den andre har hatt svake forhandlingskort, med behov for skuleplassar, men ikkje noko motmakt tilbake, seier Bjørlo.

– Eg trur det no kjem nokre standardiserte reglar som gjer det føreseieleg kva prisar som skal gjelde, seier han vidare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alfred Bjørlo

REGLAR: Alfred Bjørlo (V) trur det kjem standardiserte reglar for kva prisar som skal gjelde når elevar vel å gå på skule i andre fylke.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Usamde om løysing for skuleskyss

Noralv Distad

UTFORDRING: Noralv Distad (H) fryktar ikkje fylket vi oppleve ei tapping av elevar med den nye ordninga med fritt skuleval.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Men får elevar som kryssar fylkesgrensa dekka skuleskyssen? Bjørlo seier dette.

– Det vil ikkje vere slik at sjølv om du får rett til skuleplass i eit anna fylke, at du dermed også får rett på spesialtilpassa skuleskyss. Då vil det i dei fleste tilfelle vere hybelbuing som er tilfelle, seier han.

Men Trude Brosvik i KrF meiner det på dette punktet allereie finst retningslinjer.

– Rett til skuleskyss er lovfesta, så eg vil trur at det gjeld det same for desse elevane som for dei som går på skule i eige fylke. Ein har nokre normer for kor lang pendling som er greitt, seier ho.


Kan gå begge vegar – uroar seg ikkje

Bjørlo reknar med at kryssing av fylkesgrense også kan bli aktuelt for elevar i Nordfjord og på Sunnmøre med dei nye reglane.

– Det vil til dømes vere mogleg for elevar i Vanylven å gå på skule i Måløy eller på Nordfjordeid. Og vi må vere opne at det også kan gå andre vegen, til dømes at elevar frå Hornindal vil gå på skule i Volda, seier Bjørlo.

Men verken Bjørlo eller Høgre-politikar Noralv Distad i Aurland fryktar at fritt skuleval over fylkesgrenser vil tappe skulane her i fylket for elevar.

– I det store biletet trur eg ikkje det blir noko problem, seier Bjørlo.

– Vi har ein kjempegod vidaregåande skule i fylket, og vi må håpe at det i framtida vil vere minst like mange som søkjer seg til våre skular frå andre fylke, som det er elevar som vil søkje seg ut av fylket. Denne utfordringa må vi absolutt ta, seier Distad.