Hopp til innhold

Difor blei det varmare i august enn normalt

August kom med ferieslutt, skulestart – og høgare temperaturar enn normalt i nesten heile landet.

Slik har august 2020 vore reint temperaturmessig.

SVALT PÅ SVALBARD: Karta syner kor mykje temperaturen har vore over normalen hittil i august.

Foto: @meteorologene

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Særleg i sør og på Svalbard har det vore varmare enn normalt, seier statsmeteorolog Gunnar Livik til NRK.

I Sør-Noreg har varme luftmassar frå kontinentet breidd seg utover saman med høgtrykket som har bygd seg opp over Nord-Europa og Skandinavia.

Varme frå nordaust

Men for Svalbard sin del er forklaringa litt meir overraskande.

– Øygruppa fekk frakta inn milde luftmassar frå nord av alle ting. Det låg eit lågtrykk aust i Barentshavet, rundt den russiske øya Novaja Semlja, og det har vore varmt i Sibir, seier Livik.

Han forklarar det som ei varmluftstunge som har blitt trekt rundt og inn mot Svalbard.

Men framover denne veka vil vêrsituasjonen endre seg, også på øygruppa i nord. Det er venta regn og lågare temperaturar.

Meir ustabilt vêr i vente

Også på Vestlandet går det mot eit vêrskifte frå onsdag av. Frå strålande seinsommardagar vil det gå over til klassisk vestlandsvêr med regnbyer.

– Det utviklar seg vidare at det blir ein fin dag i morgon med høge temperaturar. Det er synd å seie, men det er venta meir og meir ustabilt fram mot helga, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg.

Laster Twitter-innhold