Hopp til innhold

Diesel dyrare enn bensin: – Kan bli langvarig

Diesel som er tre kroner dyrare enn bensin er «mot normalt». Men dei uvanlege prisane kan vare utover vinteren, trur analytikar.

Diesel/Bensinprisar

HØGE DIESELPRISAR: Dette biletet kan fort bli eit vanleg syn utover vinteren, ifølge analytikar.

Foto: Jarle Arvid Aase / NRK

Ved fleire kjeder har diesel vore rundt tre kroner dyrare enn bensin denne veka.

Pumpeprisen på diesel har vore godt over 24 kroner ulike stadar i landet, medan bensinprisen har vore på 21-talet.

– Innkjøpsprisen på ferdigraffinert diesel har auka meir enn innkjøpsprisen på ferdigraffinert bensin, seier kommunikasjonssjef Knut Hilmar Hansen i Circle K Norge.

Analytikarar og aktørar i bransjen viser til internasjonale forhold som no grip direkte inn i marknaden, der alle peikar på Russland som ein viktig årsak.

Dieselpris og bensinpris

Ein liter diesel kosta 24,49 kroner i Førde tidlegare denne veka. Tre kroner dyrare enn ein liter bensin.

Foto: Jarle Arvid Aase / NRK

Hansen seier det er «mykje nervøsitet» i marknaden no.

Han forklarar det slik:

Russisk olje, som no er borte frå dei europeiske raffineria, var godt eigna til produksjon av diesel. Alt dette er ikkje erstatta, og det betyr at diesel må kjøpast inn andre stadar.

Som igjen påverkar innkjøpsprisen.

Knut Hilmar Hansen

Pressesjef Knut Hilmar Hansen i Circle K Norge seier det er mykje nervøsitet i marknaden no, som skrur opp prisen særleg på diesel.

Foto: KNUT ARE TORNÅS / NRK

Større etterspørsel om hausten

Det som forsterkar prisforskjellen er at etterspurnaden etter diesel tradisjonelt aukar mot vinteren, samanlikna med bensin.

Bensin har den høgaste etterspurnaden rundt august, med sommarferie i USA og ferie i Europa, seier sjefanalytikar i Nordea på energi, Thina Saltvedt.

Ho viser til at Russland er ein stor eksportør av diesel til Europa, slik at krigen i Ukraina også har påverka desse leveransane.

Etterspurnaden etter diesel har auka som følge av at naturgassprisane har auka mykje. Det har bidrege til auka bruk av diesel som erstatning til gass, der det er mogleg.

Thina Saltvedt, energianalytiker i Nordea.

Høge naturgassprisar fører også til høgre prisar på erstatningsprodukt som diesel, seier sjefanalytikar i Nordea på energi, Thina Saltvedt.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Kan bli langvarig

Det har skjedd tidlegare at diesel er dyrare enn bensin, men då er det ofte eit kortvarig «blaff» i marknaden.

Saltvedt seier at det kan bli annleis denne gong, og viser til at EU vil innføre sanksjonar mot Russland på diesel og andre oljeprodukt frå februar neste år.

– Olje som tidlegare vart sendt frå Russland til Europa blir no sendt til andre delar av verda. Det kan fort bli utfordrande å erstatte det med leveransar frå andre marknader, og det kan igjen bidra til høgare prisar på sikt.

Vestnes

Sanksjonar mot Russland kan føre til at dieselprisen held seg høgre enn bensin også utover hausten og vinteren, trur analytikar.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Diesel har i tillegg fleire bruksområde enn bensin – som til dømes varme og fyring – der bensin i større grad berre blir brukt til transport.

Om vinteren i Europa blir varm eller kald kan difor vere ein enkeltfaktor som spelar direkte inn på dieselprisen, ifølge Saltvedt.

– Blir det ein kald vinter, så vil etterspurnaden etter naturgass auke og der har prisane vore særs høge i løpet av det siste året. Det vil også kunne auke prisen på erstatningsprodukt som diesel.

Merkar det på lommeboka

Tatiana Hansen frå Førde køyrer meir enn fem mil dagleg på grunn av jobb.

Ho merkar godt at diesel er dyrt om dagen. Difor forsøker ho å spare på andre område.

– Eg ser etter tilbod i butikken. Ser etter varer som er sett ned 40 prosent med kort datofrist.

Ho prøvar også å følge med på dieselprisen frå dag til dag, og fyller sjeldan fullt.

– Eg har ofte ikkje råd til å fylle full tank, seier ho.

Dieselkjøpar i Førde

Tatiana Hansen som bur i Førde er avhengig av bilen på grunn av jobben og er bekymra over dei høge dieselprisane.

Foto: Håvard Heggen / NRK

NAF bekymra

NAF seier dei har fått får fleire tilbakemeldingar frå medlemmar dei siste dagane, og viser til at 4 av 10 bilistar i Noreg framleis køyrer dieselbil.

– Mange er bekymra. Særskild i distrikta, der fleire har ein fossil bil, så slår dette hardt inn i økonomien. I ulike delar av landet er ein heilt avhengig av bilen, seier pressesjef Ingunn Handagard i NAF.

Ingunn Handagard, NAF

NAF seier bilistar er bekymra for dei høge dieselprisane. Pressesjef Ingunn Handagard vil ha tiltak som får ned pumpeprisen.

Foto: NRK Kjartan Rørslett

Ho er også bekymra for at dei ekstra høge dieselprisane vil vare ved utover hausten og vinteren.

– Vi ønsker at regjeringa set inn grep som får ned pumpeprisen og lettar trykket for norske hushaldningar.

I statsbudsjettet for neste år foreslår regjeringa å auke CO₂-avgifta, men samstundes kutte vegbruksavgifta.

«Forslagene antas samlet sett å ikke ha noen virkning på pumpeprisene på drivstoff til veitrafikk», skreiv Finansdepartementet då forslaget til statsbudsjett vart lagt fram i starten av oktober.