Diesel dyrare enn bensin

Dieselprisen har auka i det siste og nokre stader passert prisen på bensin.

Dieselen til Shell er dyrare enn bensin.

Dieselen til Shell er dyrare enn bensinen.

Foto: Magne Slinde

Då Magne Ahlin fekk Shell sine nye rettleiande prisar for drivstoff på måndag, sperra han opp augene.

LES OGSÅ: SLIK KAN DU SPARE DRIVSTOFF

DEBATTER NEDERST I SAKA

Aldri sett liknande 

Ikkje berre varsla den ny auke i dieselavgifta. Den gjorde også sitt til at diesel for første gang er dyrare enn bensin. NRK også kontrollert dei rettleiande prisane til Esso, Statoil og HydroTexaco. Men her er dieselen framleis eitt øre rimelegare enn bensin.

- Eg har aldri sett liknande. Og eg har 30 år som transportør og bensistasjondrivar bak meg. Dei rettleiande prisane frå Shell var per måndag 12,60 kroner for diesel og 12,50 kroner for bensin, seier han. Stasjonen plar å følgje prisane frå Shell sentralt.

Auka 40-50 øre

Mellom dei første lekkasjane frå siste statsbudsjett var at avgifta på diesel ville gå opp. Dieselen skulle bli 20 øre dyrare. Få månadar seinare har dieselprisen utjamna den vanlege prisskilnaden på ei krone mellom diesel og bensin. I følgje Kim By Bruun hjå Shell sentralt, skuldast dette etterspurnad i Europa. Ahlin trur dei andre selskapa vil kome etter.

- Denne veka har vi fått tre-fire oppdaterte rettleiande prisar på dieselen. Den har utjamna skilnaden som dei siste månadane har vore på 40-50 øre literen, seier Ahlin.

Frykta utviklinga

Ahlin er dagleg leiar i Slinde Transport og har lenge drive shellstasjonen på Slinde. Han er overraska over utviklinga. Den er likevel i tråd med det han frykta.

- Eg hugsar attende då vi starta opp for 30 år sidan, då var dieselen under ei krone. Prisen var halva av bensinen. Men etter det som har skjedd i vinter, så frykta eg at dieselen ville dra seg oppover og vi har nok ikkje sett enden heilt endå, seier han.

- Det stemmer ikkje

Ahlin trur ikkje politikarane ser konsekvensen av utviklinga. Han viser til eit land som bugnar over av pengar.

- Det er storpolitikk når du tenker på at det kostar under tre kroner å produsere ein dieselliter og prisen er det tredoble. Eg får ikkje dette til å stemme, seier han.

Store konsekvensar

Konsekvensen blir dyrare transport og dyrare varer. Lastebilane til Ahlin brukar 20.000 liter diesel i veka. For selskapet får prisauken store konsekvensar.

- Politikarane kan vi ikkje gjere noko med, men vi kan utnytte bilane betre, seier han.

Etablerer dropp-punkt

I Sogn er ein no i ferd med å etablere eit dropp-punkt i Lærdal.

- I staden for å sende ekstrabil til og frå sogn, så kan ein nytte ein tom bil i Bergen som skal til Oslo. Droppunkt ved Lærdalstunnelen. Teke hand om der og distribuert inn i fylket. Då har spart ein bil til og frå bergen og får utnytta linjebilen til Oslo. Har spart både miljø og masse pengar.

Statistikk frå Norsk Petroleumsinstitutt over bensin- og dieselprisen viser at prisane var temmeleg like i haust. I desember var dieselprisen høgare enn bensinprisen medan bensin var litt dyrare i januar. Denne statistikken viser gjennomsnittsprisar, og det er til dels store lokale variasjonar.