På sju dagar har dialysepasienten Olaf hatt 7000 kroner i drosjeutgifter: – Eg får ikkje hjelp

HAUKELAND SJUKEHUS (NRK): Helse Bergen lova å gi rask hjelp når sjuke no må legga ut sjølve for drosjeturen. To gongar opplevde Olaf Midthus (78) å bli avvist då han bad om hjelp for å få betalt tilbake.

Olaf Midthun på Haukeland

BLIR LOVA HJELP: Etter at NRK tok kontakt med Helse Bergen, har dei sagt at dei skal hjelpa Olaf Midthus (78) med reiserekningane.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

I ei veke har tusenvis av innbyggarar i Vestland stått utan tilbod om drosjetransport til lege og sjukehus.

Årsaka er at Helse Bergen og drosjesentralane i tolv kommunar ikkje har blitt einige om pris.

Det har ført til minstepensjonist Jorunn Vadlid Svellingen valde å droppa sin timeavtale i Bergen:

Avvist i skranken

Etter to turar til dialysebehandling på Haukeland universitetssjukehus har 78 år gamle Olaf Midthus frå Norheimsund i Hardanger lagt ut 4400 kroner.

Lova slår fast at det er regionhelseføreaket som skal legga ut for turane pasientane har til og frå sjukehuset.

Men sidan Helse Bergen ikkje lenger har avtale om pasienttransport med drosjesentralar i Kvam, må han legga ut 2200 kroner for turen til Bergen. På veg heim får han skyss med Pasientreiser.

På sjukehuset har pasientreiseavdelinga til Helse Bergen ein skranke der dei som treng det, kan få hjelp.

Men dei to gongane Midthus har oppsøkt skranken på Haukeland, har han blitt avvist. Dei tilsette har ikkje hatt tid til å hjelpa verken tysdag eller torsdag, hevdar han.

– Eg forsøkte, men eg fekk ikkje hjelp der oppe. Dei to som stod i skranken sa dei ikkje hadde tid, fortel Midthus, som har lese- og skrivevanskar.

Etter at NRK tok kontakt har Helse Bergen lova å trappa opp bemanninga på kontoret som tek i mot og behandlar søknader om refusjon.

Heile svaret deira kan du lesa nederst i saka.

Olaf Midthun

LESE- OG SKRIVEVANSKAR: Olaf Midthus har lese- og skrivevanskar, og treng difor hjelp med å levera reiserekningane sine.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Ikkje sånn det skal vera

Laurdag morgon tok han drosje for tredje gong frå Norheimsund til Bergen. Turen kostar om lag 2220 kroner. Dermed har han lagt ut 6600 kroner, og endå ikkje fått levert inn noko refusjonsskjema.

Laurdag fekk han heller ikkje hjelp, då skranken var stengd.

– Om det held fram sånn, så er eg oppe i nesten 14.000 kroner neste veke. Det vert mykje pengar.

– Det er ikkje sånn det skal vera. Eg får glitrande behandling ved dialyseavdelinga, men dei sa eg skulle få hjelp i skranken. Dette vert berre tull. Det er bale, seier Midthus.

Taxi foran sentrablokka på Haukeland sykehus

DROSJE: Helse Bergen har ikkje greidd å bli einige med drosjane i tolv kommunar om kva dei skal betala for pasienttransport.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Helse Bergen beklagar

Helse Bergen opplyser å ha inngått avtalar om hyppige pasientar, som dialysepasientar, i enkelte område.

Kvam er ikkje blant dei.

Men etter at NRK tok kontakt med Helse Bergen om saka til Midthus, har dei sagt at dei vil hjelpa 78-åringen.

– Eg beklager på det sterkaste at Midthus ikkje har fått hjelp til å fylla ut reiserekningsskjema, skriv Ann-Mari Høiland, avdelingssjef for avdeling for pasientreiser i Helse Bergen til NRK.

Ifylgje ho er det å hjelpa pasientar med reiserekningar ein av dei prioriterte oppgåvene i skranken Midthus har gått til.

I løpet av komande veke vil eit nytt, forenkla reiserekningsskjema på to sider etterstatta det fire sider lange skjemaet som er i dag.

– Vi har også auka kapasiteten på saksbehandling for å sikre at pasientar får pengane sine refundert så raskt som mogleg, skriv Høiland.