Hopp til innhold

Dette vêret lokkar flest folk til valurnene

Grått og vått vêr får fleire til å bruke røysteretten. Men folk seier dei stemmer uansett sol eller regn.

Valoppslutnaden går opp når paraplyen må opp. Det syner forsking.

Valoppslutnaden går opp når paraplyen må opp. Det syner forsking.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen/NRK / nrk

Saka er oppdatert måndag 11. september kl. 11.07 med følgjande setning: «Merk at det er høgare valdeltaking ved Stortingsval, enn ved kommunevala.»

– Om det regnar trollkjerringar eller det er strålande sol, det har ingenting å seie. Eg stemmer uansett, seier Siv Eidevik Reimers.

Førde- kvinna trur dei fleste gjer som henne og stemmer uavhengig av kva vêrmeldinga viser.

– Og for dei som ikkje pleier å røyste, så gjer dei det nok uansett vêr, seier ho.

Siv Eidevik Reimers

For Siv Eidevik Reimers er det viktig å bruke stemmeretten sin.

Foto: Astrid S. Korsvoll / NRK

Merk at det er høgare valdeltaking ved Stortingsval, enn ved kommunevala.

Men skal vi tru forskarane har vêret noko å seie for valoppslutnaden. Og det er lite skilnad mellom landsdelane.

Klimaforskar Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt gjorde ein studie for nokre år sidan.

– Vi ser at når det er grått og litt regn, så går litt fleire og stemmer.

Godt valvêr i vente

Ved årets kommune- og fylkestingsval er det meldt grått og vått i store delar av landet. Det kan love godt for valoppslutnaden.

– Vi ser at folk vel å gjere borgarplikta når det er litt grått i lufta, seier Hygen.

Hans Olav Hygen

Klimaforskar Hans Olav Hygen svarar med spørsmål når han blir spurt om det perfekte valvêret.

Foto: Anders Ekanger

Blir vêret for fint, går det motsett veg:

– Når det er knallvêr, vil folk heller vere på stranda eller i skogen enn å stå i kø i eit vallokale, fortel klimaforskaren.

Som mange andre i år har Hygen allereie førehandsstemt.

– Eg veit som regel kva eg skal stemme, så då har jo vêret på sjølve valdagen fint lite å seie, seier han.

Slår også ut på resultatet

Professor i samfunnsøkonomi Jo Thori Lind har også forska på vêr og val.

Forskaren tok for seg norske kommuneval heilt tilbake til 1970- talet og fram til 2015.

Lind kom fram til at regn på valdagen kunne avgjere valet.

Folk står i kø i regnvær utenfor valglokalet

I 2019 regna det friskt i Oslo. Det hindra ikkje folk i å ta turen til vallokalet.

Foto: Su Thet Mon / NRK

Fleire røysta om det var regn, medan fleire haldt seg heime om det var sol.

Også han har gjort funn som indikerer ulike veljargrupper reagerer forskjellig på vêret.

Når paraplyen går opp og støvlane på, tek flest høgreveljarar til valurnene. Medan Arbeidarpartiet og venstresida tener på opphaldsvêr.

– Ei forklaring kan vere at venstresida i større grad held seg heime når det regnar, medan høgresida i større grad har betre ting å gjere om det er fint vêr, seier Lind.

– Uansett vêr, så bør du kome deg ut

På gata i Førde i Vestland tykkjer student Robin Steine at det høyrest rimeleg ut at grått og litt overskya vêr er det beste valvêret.

– Men uansett om det er sol på valdagen, så bør ein kome seg ut. Elles har du ikkje noko rett å klage på resultatet, seier 23-åringen.

Robin Steine

Robin Steine håper folk kjem seg ut på måndag, uansett om sola skin eller det høljar ned. Sjølv er han klar for å gjere borgarplikta si.

Foto: Astrid S. Korsvoll / NRK

Trude Sætre er klar for å stemme på valdagen – uansett sol eller regn.

Men ho trur ikkje det nødvendigvis gjeld alle.

– Vêret påverkar folk på så mange andre måtar elles i livet, så det trur eg også gjeld for valdagen, seier Sætre.

Kollega Elisabeth Seime Rasmussen er samd.

– Eg trur særleg det kan påverke dei som står på vippen, seier ho.

Trude Sætre og Elisabeth Seime Rasmussen (t.h)

Kollegaene Trude Sætre (til venstre) og Elisabeth Seime Rasmussen skal stemme på måndag, uansett regn eller sol.

Foto: Astrid S. Korsvoll / NRK