Hopp til innhold

Dette vart eit sterkt møte for britiske Malcolm

MÅLØY (NRK): – Eg er stolt over pappa og det han gjorde her, seier ein tydeleg rørt Malcolm Churchill.

Malcolm Churchill

REKONSTRUKSJON: Malcolm Churchill vart rørt då han såg rekonstruksjonen av far sin i Måløyraid-senteret. Major John Malcolm Thorpe Flemming Churchill spelte sekkepipe før han leia dei allierte styrkane i land.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Fredag var briten attende i Måløy, der far hans spelte sekkepipe før han leia dei allierte styrkane i land under Måløyraidet i 1941.

– Han spelte «March of the Cameron Men», la sekkepipa frå seg på ein stein og leia troppen gjennom røyken og inn i krigen, fortel Churchill.

Spelte sekkepipe

Dagbladet skreiv i 2014 ei lengre sak om far hans, major John Malcolm Thorpe Flemming Churchill, eller «Gale Jack» som han vart kalla. Kallenamnet fekk han for si uvanlege framferd i strid.

Malcolm Churchill

FAR: Far til Malcolm Churchill, blir omtala som ein av krigens kanskje mest eksentriske kommandosoldatar. Difor fekk også John Malcolm Thorpe Flemming Churchill kallenamnet «Gale Jack».

Foto: Harald Kolseth / NRK

Han spelte sekkepipe og hadde pil og boge på ryggen i strid. Såleis passa nok kodenamnet på åtaket i Måløy majoren godt. «Operation Archery» betyr «Operasjon bogeskyting» på norsk.

I Måløy, storma den eksentriske offiseren i land med handgranat i eine handa og eit sverd i den andre.

– Han fortalde om veldig, veldig tøffe kampar her i Måløy. Dei fleste soldatane hans reiste vidare inn til byen for å hjelpe til i hovudkampen, fortel Churchill.

Overraska tyskarane

Då far hans leia troppen i land, var det for å få kontroll over tyske kanonstillingar.

– Tyskarane trudde dei skulle bli bomba frå lufta og søkte skjul i bomberom. Dei forstod ikkje at raidet var på veg. Etter 20 minuttar hadde troppen tatt heile festningen, fortel Churchill.

Far hans fortalde han mykje om det allierte raidet som kravde kring 200 menneskeliv.

Stolt og glad

Rob Jones, Helge Hjelle og Malcolm Churchill

PROSESJON: Rob Jones (t.v.), Helge Hjelle i Måløyraid-senteret og Malcolm Churchill under prosesjonen i samband med opninga av senteret.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Churchill er imponert over det Måløyraid-senteret har fått til, og er ikkje minst takksam for at faren hans blir heidra. Han er overraska over at ikkje fleire etterkommarar av dei allierte soldatane tok turen til Måløy.

– Eg er stolt og glad for at eg tok turen. Senteret fortel ei flott historie om raidet og heile området rundt Måløy

Far til Churchill vart skadd under Måløyraidet. Rob Jones, etterkommaren til ein annan britisk soldat, mista bestefar sin under slaget i søre del av Måløy.

Skoten av snikskyttar

– Bestefar var i slutten av 20-åra då han vart drepen av ein tysk snikskyttar under kampane i byen. Det var viktig for meg å få sjå kvar han fall, seier Jones.

Jones har sjølv vore soldat i 24 år, har forsvara dei britiske styrkane i Bosnia og Kosovo. Han har aldri før vore i Noreg.

– Eg forstår kva soldatane her gjekk igjennom og respekterer det dei måtte gjennom. Sjølv om raidet verkar uviktig, så var det viktig for kampviljen, seier Jones og håpar å kunne ta familien med til Måløy ved eit seinare høve.