- Eg vart dårleg rett og slett. Eg har ikkje kome meg enno, seier 80-åringen Solveig Johanna Røstad til
.Kom heim til totalvrak
Bilen hennar stod parkert heime då ho kom attende frå eit julebesøk måndag. Og det var eit trasig syn som møtte ho.
- Eg er 80 år og vettaskremt, seier ho til avisa.
Trea som no ligg over den knuste bilen til Røstad ramla ned første juledag då stormen Dagmar var på besøk.
(artikkelen held fram under biletet)
Aldri opplevd liknande
- Eg har aldri opplevd makan til uvêr, seier 80-åringen til avisa.
Eigaren av treet som gav etter for Dagmar sine krefter, Arne Martin Erdal, seier han har varsla kommunen og forsikringsselskapet for å få fjerna treet og eit gjerde som ligg rund bilen.
- Dette er ei forferdeleg historie. Det er så prekært at det ikkje kan bli verre. Det er det verste vi har vore ute for, seier han.