Hopp til innhold

Desse hyllene kan bli Noregs nye nasjonalpark

Hyllene har blitt forma av elvar som rann for kring 400 millionar år sidan. Fjellområdet er blant fleire nye som kan få status som nasjonalpark.

Hylleformasjon Ålfotbreen

HYLLER: Hyllene er laga av devonske avsetningar av sandstein, og ligg langt vest i Noreg.

Foto: Alf Erik Røyrvik

CO₂ i atmosfæren
418.9 ppm
1,5-gradersmålet
+1.01°C
Les mer  om klima

– Det er ei historie som går millionar av år tilbake, seier verneområdeforvaltar Alf Erik Røyrvik.

Kjentfolk seier området kring Ålfotbreen i Vestland er i verdsklasse, eit område med eit landskap og ein geologi som ikkje finst andre stadar i Noreg.

Men der andre store naturattraksjonar her til lands nærmast blir trakka ned av fjellturistar, er landskapet midt mellom Nordfjord og Sunnfjord nesten forsvinnande lite besøkt.

Fleire område kan bli nasjonalparkar

Noreg har i dag 47 nasjonalparkar, men no kan talet auke. Miljødirektoratet føreslår både fleire nasjonalparkar og utvidingar over heile landet.

Fire nasjonalparkar som er heilt nye, medan åtte eksisterande kan bli utvida.

– Vi er tidleg i prosessen i Ålfoten, seier Alf Erik Røyrvik.

Han seier dei så langt ikkje har fått spesielle reaksjonar, området har i dag status som landskapsvernområde. Snart skal framlegga ut på høyring blant lokalbefolkning og i kommunane.

Grøndalen Ålfotbreen

LANDSKAP: Ingen stadar i landet har liknande, meiner Røyrvik.

Foto: Edvin A. Hugvik

Elvar frå urtida

– Turane her gløymer vi aldri, nesten vanskeleg å setje ord på det. Det fortener å få nasjonalparkstatus, seier Arve Sandal, han har skrive fleire artiklar om fjellområda han har forelska seg i.

Hyllene stammar frå gamle elvesletter. Elvegrus og sand har blitt samla opp når fjella rundt vart slite ned gjennom ulike geologiske tidsaldrar.

Gjennom tidsalderen devon kom det nye elvar, som har skubba dei gamle elveslettene utover. Til slutt har alt blitt forsteina.

Ålfotbreen landskapsvernområde ligg i kommunane Kinn, Bremanger og Gloppen.

Ruvar 1500 meter over fjorden

I området finst dei to vestlegaste isbreane i landet. Gjegnalundsbreen og Ålfotbreen.

Dei som har sett sola gå ned i havet rett utanfor fortel om minner for livet.

– Dette er eit område i verdsklasse, seier Sandal.

Ålfotbreen

MEKTIG: Breane i området er dei som ligg lengst vest i Noreg.

Foto: Svenn Petter Kjerpeset

– Nesten rart at staden ikkje er meir kjent

Svenn Petter Kjerpeset frå Bremanger er den i Noreg som har vore mest i denne fjellheimen.

– Nasjonalpark kan bli stas, det må eg seie, seier Kjerpeset nøkternt.

Han har gått i shorts i solskin mot toppane, men blitt overraska i løpet av fem minutt av inferno av regn, hagl og snø.

Han rår folk til å ta med seg kjentfolk på dei fyrste turane til topps, om ikkje bør ein vere langt over snittet fjellvant.

Utsikt frå Gjegnen

HØGT: Under føtene på Galleriet er det 1100 meter ned.

Foto: Svenn Petter Kjerpeset

For mange er Gjegnen hovudattraksjonen. Her stuper fjellet vel 1100 meter rett ned frå utsiktspunktet Galleriet, som går 25 meter rett ut frå fjellveggen.

Men i motsetnad til Preikestolen og Trolltunga held turistane seg vekke.

– Det er nesten rart at staden ikkje er meir kjent. Det er sikkert fordi området verkar så lukka. Skal ein på Gjegnen må ein ha med breutstyr, seier Kjerpeset.

Gjegnen i Nordfjord

LANDEMERKE: Gjegnen (1670 moh.) er eit landemerke langs Nordfjord.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Den skjulte skatten

– Nokre plassar er så vakre at eg nesten ikkje likar å fortelje om dei, ler Kjerpeset.

For i nabo-dalføra finst områda som er godt tilgjengelege, og der er også merka turar til ein del av turhyttene i området.

Gøymde perler med smådalar, små fossar frå isbreen, og fleire titals vatn.

– Men om det blir for mykje folk finn eg nok andre plassar ler han, når NRK overtalar han til å sende eit bilete av ein av dei magiske stadane: Gullsmedhytta ved Huldrefossen.

Gullsmedhytta og Huldrefossen.

SKATT: Vatnet renn fritt ned i denne delen av landskapsvernområdet.

Foto: Svenn Petter Kjerpeset