Til alt hell kom verken ho, sambuaren eller andre vegfarande til skade i utforkøyringa i fjor haust.
- Les også:
Nyleg møtte kvinna i 40-åra i Sogn og Fjordane tingrett for å svare på ei rekkje rusrelaterte lovbrot. Seks gonger har kvinna køyrt bil, sjølv om ho vart frådømt førarkortet for fem år sidan. Tre av turane var kvinna påverka.
Under den siste turen sovna truleg kvinna på veg gjennom Jølster.
.- Les også:
Politiet fann eit glas med 83 roande tablettar. Glaset hevda ho hamna der tilfeldig då ein annan gav sambuarparet tablettar for å få dei til å slutte å krangle.
Tok taxi etter innbrot
Månaden før stakk sambuarparet til skogs for å sleppe vekk frå politiet. Paret søkte tok seg inn i ei hytte for å få varmen i seg.
Då dei såg verdiane, forklara kvinna i retten, tok den eine dumme ideen den andre og «det ballet på seg».
Paret pakka mellom anna elektriske artiklar, klede og luftgevær i sengetøy og tok taxi heim. Politiet fatta raskt mistanke til dei to og tjuvegodset kom etter kvart tilbake.
Sjølvmedisinering
Kvinna erkjende i tillegg butikktjuveri og kjøp, oppbevaring og bruk av narkotika. Mellom anna vart paret arresterte med 64 gram metamfetamin. Lovbrota er i stor grad rusrelatert.
Ho fortalde retten at ho byrja å bruke narkotika for sjølvmedisinering. I 20-åra kom ho i kontakt med amfetamin. Då vart vegen kort til dagleg bruk.
Kvinna er tidlegare bøtelagd for ulike forhold. Seinast i april i fjor. Etter pågripinga på Jølster har kvinna halde seg unna rus og rusmiljø.
Fekk åtte månader
Samla sett meiner Sogn og Fjordane tingrett at utgangspunktet for straff er fengsel i eitt år.
Samstundes såg dei formildande på ein del av forholda var blitt gamle og at kvinna erkjende straffeskuld for nær alle tiltalepunkt. Kvinna har to gonger prøvd seg på avrusing, og seier seg motivert til å gjennomføre eit narkotikaprogram for å komme på rett kjøl.
Det vart vilkåret for at fengselsstraffa på åtte månader vart utsett med to år. Kvinna må også betale 10.000 kroner i bot og mister retten til å køyre bil i fem år.