Hopp til innhold

Dette tente norske artistar i koronaåret

Avlyste konsertar førte mange artistar ut i krise i mars 2020. Men mellom anna strøyming og kompensasjonsordningar sikra mange norske artistar ei grei årsløn i fjor.

Kygo

HØG INNTEKT: Kyrre Gørvell-Dahll, betre kjend som Kygo, hadde ei inntekt på vel 46 millionar kroner i 2020. Her frå minnekonserten til Avicii 5. desember 2019.

Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters

I fleire år har strøymekongane frå Bergen, Kygo og Alan Walker, vore dei artistane som har lege høgast på skattelistene blant norske artistar.

Dei drog også inn pengar i fjor. Kyrre Gørvell-Dahll hadde vel 46 millionar kroner i inntekt, og vart med det den nordmannen med 79. høgast inntekt. Det er likevel betrakteleg lågare enn i 2019, då han tente 77.494.452. Også formuen til Kygo minka frå 2019 til 2020, frå nesten 133 millionar til 103 millionar.

Alan Walker tente like over 19 millionar i 2020. Også hans inntekt var høgare i 2019, då den var over 26 millionar.

Også den artisten som blei strøyma mest på Spotify i Noreg i fjor, Tix, drog inn eit tosifra tal millionar, nærare bestemt 15.775.217.

Elles var Kygo den tredje mest strøyma artisten på Spotify i Noreg i fjor, medan Alan Walker hamna på 6.-plass.

Dette tente norske artistar i koronaåret 2020

Navn

Inntekt

Skatt

Formue

Alan Olav Walker

19.008.613

6.784.366

28.897.948

Kygo (Kyrre Gørvell-Dahl)

46.241.392

12.403.617

103.220.114

Bjørn Eidsvåg

4.475.206

1.844.159

0

Sigrid Solbakk Raabe

1.040.410

395.612

4.604.677

Astrid Smeplass

674.056

238.295

0

Gabrielle Leithaug

474.706

162.426

0

TIX (Andreas Haukeland)

15.775.217

7.758.309

0

Kurt Nilsen

4.637.901

1.774.696

15.796.845

Stig Brenner (Stig Joar Haugen)

1.171.484

484.621

0

Arve Tellefsen

41870

334.766

37.110.072

Chirag Rashmikant Patel (Karpe)

3.244.121

1.238.101

10.486.993

Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid (Karpe)

3.225.451

1.148.608

0

Sissel Kyrkjebø

1.493.200

534.997

0

Aurora Aksnes

1.713.425

588.274

2.764.664

Sondre Justad

1.326.209

574.959

5.698.727

Maria Mena

1.366.558

560.536

6.548.565

Marit Larsen

469.500

165.864

1.154.280

Lars Vaular

710.335

277.327

0

Marion Ravn

336.770

120.771

0

Morten Harket

10.477.917

4.194.673

12.948.768

Magne Furuholmen

13.446.504

3.719.215

13.352.700

Pål Waaktar Savoy

0

125.639

15.045.719

Kamelen (Marcus Kabelo Møll Mosele)

554.542

192.208

0

Leif Ove Andsnes

3.547.492

1.534.500

14.199.265

Sigvart Dagsland

1.410.451

654.737

0

Kjartan Lauritzen (Per Aki Sigrudsson Kvikne)

555.001

183.625

0

Ekspander/minimer faktaboks

Støtteordning ikkje utan kontroversar

Støtten som har blitt gitt til kulturlivet etter koronapandemien har ikkje vore heilt utan kontroversar.

I mars i år gjekk komikar Rune Bjerga ut reagerte på at enkelte artistar fekk millionbeløp, medan andre har måtta selja gitaren for å betala rekningar.

VG har skreiv i januar i år om at seks personar i Kurt Nilsen sin julekonsertturne i fjor delte 5,4 millionar kroner. Sjølv hadde Nilsen ei inntekt på 4.637.901 i fjor, samt ei formue på 15.796.845.

Artisten Sigrid er ein av dei som har betalt tilbake koronatilskotet ho fekk for 2020. Tilskotet var på 3,25 millionar kroner. Sjølv hadde ho ei inntekt på 1.040.410 og ei formue på 4.604.677 kroner i fjor.