Hopp til innhold

Dette reagerer dei tilsette på

Ein pasient skal ha kalla den nye overvakinga ved Lærdal sjukehus for ein "flyktningeleir". Her er lista over det dei tilsette ved sjukehuset fortvilar over.

Overvakinga ved Lærdal sjukehus

OVERVAKINGA: Slik ser det ut på overvakinga ved Lærdal sjukehus. Dei tilsette er kritiske til korleis overvakinga fungerer etter omlegginga.

Foto: Bente Øien Hauge

Tilsette ved sjukehuset i Lærdal har tidlegare i haust markert sine synspunkt etter omlegginga av overvakinga med å gå med sørgjeband.

Listar opp kritikken i e-post

Måndag kom det fram at fleire sjukepleiarar ved sjukehuset vil slutte i protest.

No reagerer Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus på at fleire politikarar i mediene hevdar sjukehuset fungerer like godt som før.

I ein e-post til NRK Sogn og Fjordane listar ho opp ei rekkje ting ho meiner er kritikkverdige ved overvakingsposten.

Dette er eit redigert utdrag frå e-posten:

  • På gamle OVOP (overvaking og oppvaking) var det 12,4 tilsette med lang røynsle, god kompetanse og godt arbeidsmiljø. Sju av desse sjukepleiarane er no på andre avdelingar, medan Helse Førde har hyra inn eit vikarbyrå for å dekkje så mange vakter at fleire av desse intensivsjukepleiarane jobbar på medisinsk avdeling og brukar tid på kaffikoking, kopiering og liknande. Det kan gå ei veke mellom kvar gong dei "gamle" har vakt på overvakinga.
  • Fagmiljøet er splitta, og personalet er demotivert. Det daglege interne læringsmiljøet er borte. Kompetanseoverføringa er gjort vanskeleg. Dette er sløsing med helseføretaket sin viktigaste ressurs; dei tilsette med kompetanse og røynsle.
  • Dei nye vikarane er rekrutterte gjennom byrå og utgjer ein stor del av bemanninga. Dei er nye ved sjukehuset. Då ein tidlegare hadde vikarar, var det vikarar som var kjende på sjukehuset og som vart rekrutterte ved direkte kjennskap og kontakt.
  • Det nye vaktrommet er under einkvar kritikk. Det er eit flislagt, delvis ombygt bad på 3,6 rutemeter. Det er lysrør i taket, sikringskap på vegen og skjermar. Det er heilt klaustrofobisk og truleg helseskadeleg med stråling. Utanfor vaktrommet er det eit rullebord med PC. Korleis gjer dei det når dei gir rapport - dei må jo sitje med opa dør, nokre av dei utanfor vaktrommet, og pasientane høyrer alt.
  • Fleire av dei tilsette har fått migrene av arbeidsforholda, men dei torer ikkje sjukmelde seg av frykt for å bli skulda for sabotasje.
  • Ein pasient kalla den nye overvakinga for ein "flyktningeleir". Det er trongt mellom sengene og dårleg moglegheit for skjerming. Når folk som er så sjuke at dei ligg på overvakinga skal liggje så tett på andre kritisk sjuke, er det ei ekstra påkjenning. Korleis er dette for folk som skal ha pårørande rundt seg i livets siste fase?
  • Med så få senger som ein har no, må pasientar som tidlegare ville ha fått vere på overvakinga no ut på avdelinga. Personalet opplever no fleire "svingdørspasientar" på overvakinga.

Vil vurdere større omleggingar

- Eg meiner det er ei god ordning. Vi hadde ikkje gjort dette, dersom vi ikkje trudde det var ei god løysing, seier administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde.

I sitt forslag til strategiprosess for perioden 2010-2020 ønskjer Bolstad å vurdere nedlegging av fødestova i Lærdal og omgjering av fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus til jordmorstyrt fødestova.

Send inn dine spørsmål

Onsdag skal Helse Førde vedta budsjettet for neste år.

NRK Sogn og Fjordane skal tysdag ha innringing om dei venta kutta i helseføretaket. Både styreleiar Clara Øberg og administrerande direktør Jon Bolstad kjem i studio saman med Eid-ordførar Sonja Edvardsen og ordførar Arne Sanden i Lærdal.