I dag opna den heilt nye tunnelen på riksveg 13 i Granvin.
Undervegs i arbeidet forsvann nesten 200 meter av riksveg 13 ut i Granvinsvatnet i april i år.
Store anleggsmaskiner, eit busskur og store jordstykke blei skylt på vatnet medan det blei utført anleggsarbeid på ein 4,6 kilometer lang vegstrekning. Statens vegvesen var i ferd med å byggja opp riksvegen med tunnelmassar for å sikra han mot 200-årsflaum.
I staden gjekk nesten 200 meter med riksveg på vatnet. Jordmassane seig i fleire dagar og fleire bustadhus blei evakuerte.
OMSIDER KLAR: Jobergtunnelen blei i dag opna for trafikk.
Foto: Tale Hauso / NRKKrass kritikk
Ein uavhengig granskingsrapport slo i juni fast at anleggsarbeidet til Vegvesenet var den utløysande årsaka til utglidinga.
Rapporten kritiserer vegvesenet for å ha gjort dårlege vurderingar og for å ha basert stabiliseringstiltak på antakingar i staden for analysar.
- Les meir:
– Me beklagar sterkt hendinga, sa Kjartan Hove, prosjektdirektør i Statens vegvesen Region vest, den gongen.
No opnar tunnelen. Samtidig er det klart kor mykje tabben kosta.
Tunnelen er ein del av Vossapakko og var i utgangspunkta kostnadsrekna til 467 millionar kroner. No er han vorten 100 millionar kroner dyrare.
Ny pris for tunnelen og reparasjonar på vegen er 571 millionar kroner.
STORE KREFTER: Det var dramatisk då dei utfylte tunnelmassane rasa ut medan Statens vegvesen arbeidde med utbetring av vegen.
– Ein totalsprekk
– Dette er ein totalsprekk. Men om ein ser vekk frå utgiftene frå utglidinga, trur eg me er innanfor, seier prosjektleiar Lars Magnar Røneid.
PROSJEKTLEIAR: Lars Magnar Røneid.
Foto: Tale Hauso / NRKI statsbudsjettet for 2017 la regjeringa inn ekstra pengar på grunn av masseutglidinga – først 144 millionar og deretter ytterlegare 25 millionar kroner.
Utglidinga kostar dermed mindre enn det regjeringa har gjeve pengar for.
– Det har mykje på grunn av utglidinga i Granvinsvatnet, som altså kosta oss om lag hundre millionar kroner.
Føremålet med anleggsarbeidet var Jobergtunnelen, som skal føra trafikken på riksveg 13 forbi det skredutsette Joberget og forbi flaskekorken på Øvre Vassenden.
Forsiktig opningsjubel
Tunnelen skulle stått klar i sommar, men først no opnar han, ganske nøyaktig to år etter at arbeidet starta.
I dag klokka 10.00 stod ordførar Granvin-ordførar Ingebjørg Winjum for ei enkel markering med opning av både ny veg og tunnel. Ho er glad den rasutsette og trafikkfarlege strekninga blir nøytralisert.
– Det er kanskje særleg kjekt for dei som bur kloss i riksvegen og som no får trafikken på avstand. Det har vore både uhell og stadige nestenulukker, så dette betyr mykje. I tillegg blir det godt å sleppa det rasutsette Joberget, seier Winjum.
- Les også:
Éin som saknar bilane
Men i den vesle grenda er det éin som ikkje er glad i dag. Hunden Loke, som alltid har likt å sitja og sjå på trafikken.
KJEDELEG STILLE: – Då eg tok han ut i dag og han såg at bilane var borte, peip han sårt og la seg tafatt rett ned på asfalten, fortel eigaren Uwe Liskow.
Foto: Tale Hauso / NRK– Han får få ein tur opp til nyevegen av og til, seier eigaren Uwe Liskow.