Hopp til innhold

Dette makabre synet møtte turgåaren

I helga kom turgåar Hans Christian Tenol-Tuxen Lilleøren over eit syn han seint vil gløyme.

Makabert funn på Fresvikbreen

MAKABERT SYN: Reinkadavera vart funne om lag ein kilometer søraust for Fresvikbreen, på 1350 meter over havet.

Foto: Hans Christian Tenol-Tuxen Lilleøren / Privat

Det var laurdag at han og hunden var på tur i Fresvikfjella i Sogn og Fjordane. På veg ned frå Syringefjellet oppdaga han noko utanom det vanlege.

– Eg vart var nokre fuglar, eit tjuetals ramnar og to ørnar, som krinsa i lufta. Då eg kom nærare, på tjue meters avstand, så letta det ei tredje kongeørn. Då eg kom bort såg eg at det hadde skjedd noko, seier Lilleøren.

Mest truleg teken av snøskred

ans Christian Tenol-Tuxen Lilleøren

ALDRI SETT MAKAN: Lilleøren har sett litt av kvart på sine turar i fjellet, men ingenting kunne bu han på synet som møtte han i helga.

Foto: Privat

Det han såg likna mest ei slagmark. Haugar med beinrestar og reinkadaver låg strødd bortetter snøen. Då han byrja å telje over beingrindene kom han til at tjueein dyr hadde stroke med.

– Mest sannsynleg hadde den vesle flokken blitt teke av eit snøskred i vinter. Det var tjueein dyr som eg fann, men truleg ligg det fleire under snøen, seier han.

Dette var i eit område det går lite folk. Difor er han glad for at han oppdaga det, for slike opplysingar er viktige for forvaltinga av rein og reguleringa av jakta. Straks etter funnet melde han difor ifrå til Statens naturoppsyn og villreinnemnda lokalt.

– Makabert syn

Lilleøren bur til vanleg i Bergen, men kjem frå Vik, og er godt kjend i fjella i området.

Som turgåar har han sett litt av kvart. Men aldri noko slikt som det han vart vitne til i helga.

– Det var eit makabert syn: det var beingrinder og hovudskallar, nokon dyr hadde skinn og kjøt, og hadde delvis gått i oppløysing. Det var pels over heile snøen, som fuglane hadde nappa av for å kome til godsakene, fortel han.

Med seg på turen hadde han hunden til foreldra, ein polarhund ved namn Sikander.

– Han var ikkje så interessert i desse kadavera. Han reagerte litt som meg, han var litt trist han òg, seier Lilleøren.

Hunden

PREGA: Heller ikkje turkameraten, polarhunden Sikander, kom heilt umerkt frå hendinga.

Foto: ans Christian Tenol-Tuxen Lilleøren / Privat