Hopp til innhold

Dette kunne ha blitt vår første elbil

På slutten av 1960-talet var det planar om både skipsmotorfabrikk og elbilproduksjon i Førde. Det vart med planane.

Elbil A/S 1968

FOR TIDLEG UTE? Slik skulle den sjå ut, elbilen som det var planar om å produsere i Førde.

Då Reidar Tveit, som no er 96 år gamal, tok over som ordførar i Førde i 1968, var kommunen peika ut som vekstsenter. Det innebar at Staten gav gode vilkår for bedrifter som ville etablere seg.

I ettertid veit vi at Førde fekk vekst, mellom anna med skipsverftet til Ankerløkken. Men den nyvalde ordføraren, utan politisk røynsle, fekk to tøffe vonbrot det første året.

– Det var ikkje berre glede då eg tok over, for vi hadde brukt mykje pengar på å førebu oss med kloakk og vatn og ikkje minst tomter. Og så vart det ingenting ut av dei mange arbeidsplassane vi hadde sett fram til.

Reidar Tveit prøver elbil i 1968

TIDLEG ELBILPROSJEKT: Reidar Tveit bak rattet på prototypen, der berre chassiset var klart. Til venstre Einar Kjelland-Fosterud, som var tilsett som dagleg leiar i Elbil A/S.

Foto: Jamte Einrem

I 1968 hadde Strømmen Verksted nord for Oslo og Munch-konsernet i Bergen fått utvikla ein elbil som dei ville sette i produksjon. Dei fann ut at dei ville legge produksjonen til Førde. Firmaet skulle heite Elbil A/S.

For tunge batteri

Reidar Tveit fekk vere med på ein prøvetur og presentasjon av elbilen, mellom anna saman med ein statssekretær i Samferdselsdepartementet.

– Det var seriøst nok i starten. Det var eit firma som hadde teke patent på at ein kunne utnytte energien når bilen trilla og som fylte batteriet. Det var ein motor på kvart hjul. Det vart laga fire bilar.

Elbilen hadde god akselerasjon, men toppfarten var ikkje meir enn 60 kilometer i timen.

– Batteriet på bilen kunne skiftast ut når det var tomt med eitt som ein hadde på lading. Men batteria var for tunge, og bilen hadde kort rekkevidd.

Kort fortalt: Elbilprosjektet vart skrinlagt, Førde fekk ikkje nokon elbilfabrikk.

Elbilplanar i Førde

OPTIMISTISKE: Reidar Tveit (i midten) med skisse av elbilen som skulle produserast i Førde. Til venstre Oscar Munch og til høgre sivilingeniør Monsen i Munch-konsernet.

Foto: Jamte Einrem
Reidar Tveit

HUGSAR GODT PRØVETUREN: Reidar Tveit i dag, 96 år gamal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Skipsmotorfabrikk

Same året, i 1968, fekk kommunen endeleg beskjed om noko dei hadde hatt mistanke om ei stund. Det vart heller ikkje noko av planane til Akergruppen om ein skipsmotorfabrikk på Øyrane.

– Vi tok kontakt med direktør Onar Onarheim i Akergruppen. Etter eit møte med han forstod vi at det var slutt. Det hadde med Suezkrigen å gjere.

Alt i 1966 hadde Akergruppen kunngjort at dei ville byggje ein fabrikk for produksjon av skipsmotorar i Førde. Det skulle byggjast mange mindre skip som kunne gå gjennom Suezkanalen.

– Suezkanalen vart stengd, og det gjorde at dei måtte legge om planane sine. Dei venta ei stund på at kanalen skulle bli opna att, men måtte til slutt gi opp, minnest Reidar Tveit.

  • Om lag 16 minutt ut i dette TV-programmet frå 1966 kan du sjå og høyre Onar Onarheim fortelje om planane om skipsmotorfabrikk:
    I 1965 laga NRK TV-program om at Førde skulle bli vekstsenter.