Hopp til innhold

Dette koret tek teknologien i bruk for å bli best

Når Førde kammerkor set opp eit to timar langt stykke, må det mykje øving til. Med ein liten applikasjon på mobiltelefonen har medlemmene kunne øve i alle ledige stunder.

Deler av Førde Kammerkor vitja NRK Sogn og Fjordane si ettermiddagssending fredag. Der song dei ein liten bit frå stykket Johannespasjonen av Johann Sebastian Bach som dei set opp i helga.

SMAKEBIT: Deler av Førde kammerkor baud på ein liten smakebit frå stykket Johannespasjonen då dei vitja NRK Sogn og Fjordane si ettermiddagssending fredag. Foto: Marie Stafsnes Osland.

– Eg synest den er heilt super, seier Trond Brekke i Førde kammerkor om appen han har lasta ned på mobiltelefonen.

Førde Kammerkor brukar applikasjon for å bli best

KAN ØVE ÅLEINE: Med god hjelp av ein applikasjon har mange av kormedlemmene fått litt ekstra øving på eiga hand. – Heilt supert, meiner eg av dei, Trond Brekke.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Førde kammerkor har nemleg slått på stortromma og set i helga opp stykket Johannespasjonen av Johann Sebastian Bach.

–Når det nærmar seg jul brukar vi ofte å setje opp eit stort kyrkjemusikalsk verk, og i år valde vi dette.

– Vi køyrer heile greia, frå start til slutt, og det blir ein to timar lang konsert, fortel Brekke.

Syng på fly og overalt

Med innleigd orkester og solistar håpar dei å få synge for fullsette hus både i Førde og i Lavik. Og med fullsette hus må dei gje folk valuta for pengane.

I tillegg til tallause fellesøvingar har medlemmene også nytta ledige stunder til å øve på eiga hand. Der har teknologien vore til hjelp.

– På applikasjonen har vi kjøpt oppsettinga av Johannespasjonen, og så kan vi bruke den i ledige stunder, som når ein ventar på bussen til dømes. Eg har også brukt den på fly, seier Brekke.

– Og du har ikkje fått rare blikk?

– Eg har ikkje sett etter, flirer han.

Blir trygge på eiga stemme

Appen fungerer slik at ein kan velje kva stemme ein vil synge. Brekke er bass og skrur på den, og i applikasjonen blir bassen spelt på piano. Samtidig får han høyre alle dei andre stemmene i bakgrunnen.

– Når ein ikkje kan eit stykke godt nok, kan det vere litt forstyrrande å høyre på dei andre stemmene. Ein kan begynne å bomme litt, så då er det greitt å bruke denne for å bli trygg, seier han.

Og dei mange timane med øving gir resultat. Då deler av Førde kammerkor gjesta NRK si ettermiddagssending fredag baud dei på ein liken smakebit til P1-lyttarane. Den kan du sjå i videoen øvst i saka.

– Og no er de klare for konsert?

– Absolutt, er det klokkereine svaret.