– Og med det erklærer eg den nye ladestasjonen for opna, seier ordførar Leidulf Gloppestad (Sp).
Bygda Byrkjelo i Vestland vart denne veka symbolsk omdreiningspunkt for ein lang og pågåande strid om betalingsløysingar i ladebransjen.
Kva som gjer ladestasjonen på Byrkjelo så spesiell?
Sjåføren kan gjere opp for seg ved hjelp av eit bankkort.
– Look to Byrkjelo. Dette viser at kortbetaling er fullt mogleg, seier Christina Bu, generalsekretær i Norsk elbilforeining.
Ho viser til at det å tæppe kortet er det einaste universelle betalingsmiddelet.
– Det er ingen grunn til at det skal vere så himla mykje vanskelegare å lade ein elbil enn å fylle drivstoff, seier ho.
Kravet om kortbetaling har likevel vore omdiskutert. Fleire ladeselskap har omtalt ordninga som «upraktisk» og «utdatert».
I staden har dei ynskja å byggje nye rutinar og kundelojalitet gjennom eigne «brikker», nøkkelkort og appar.
Christina Bu i Elbilforeningen tok tidlegare i år initiativ til allmenne betalingsløysingar gjennom ein felles «ladeklubb». Fleire operatørar takka nei til å vere med i klubben.
Foto: Einar Aslaksen– Heilt dust at du ikkje kan tæppe kortet
Forbrukarrådet og Elbilforeningen har på si side argumentert for meir universelle ordningar.
Det same har Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).
Under Arendalsveka i sommar omtalte han det som «heilt dust» at det er så få ladestader der bilistane kan tæppe kortet sitt.
– Dette er jo noko bransjen burde ha fiksa sjølv. Når det ikkje skjer, får vi sikre det gjennom forbrukarpolitikk, sa han.
Han varsla samstundes at regjeringa ville legge fram ein «ladestrategi» for Stortinget i løpet av hausten.
Sidan er tidshorisonten justert til «innan utgangen av året».
Utolmodige krefter på Stortinget kom difor regjeringa i forkjøpet denne veka. Tysdag la SV fram eit forslag om at dei krev tæpping, og det raskt.
– Ladesystemet for elbilar er eit totalt kaos. Skal du på ein ladestasjon, er det minst 15 appar du må ta omsyn til, seier samferdselspolitisk talsperson i SV, Mona Fagerås.
I forslaget skriv ho at ladeselskapa «gjer kundeopplevinga unødvendig kronglete i iveren sin etter å eige kundane sine.»
– Dette er jo noko bransjen burde ha fiksa sjølv, seier Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK– Lading må bli forbrukarvennleg for alle
I dag er det hurtiglading på meir enn 5300 ladepunkt i Noreg. 100 av dei har kortbetaling.
– Skal vi nå målet om at alle nye personbilar og lette varebilar skal vere nullutslepp i 2025, må lading av elbil bli forbrukarvennleg for alle, seier Fagerås.
SV-forslaget vert no sendt til Transportkomiteen, som vil levere ei innstilling på nyåret (5. januar).
Men alt denne veka vart saka debattert på Stortinget.
Høyringa viste at fleire er positive til forslaget (sjå under), medan andre vil vente på ladestrategien frå regjeringa.
Noreg har éin prosent av den totale bilparken i EU, men nesten ein firedel av alle elbilane.
På spørsmål frå miljøorganisasjonen Zero om politikarane sjølv har opplevd at det er vanskeleg å lade, raka fleirtalet av dei hendene i vêret.
– Kven har komme på noko så «smart» som å lage ein haug med ulike appar og ulike betalingsmåtar? Ironiserte Frank Edvard Sve (Frp).
Tysdag la SV fram eit forslag til Stortinget om at dei krev tæpping, og det raskt.
Foto: Beate Oma Dahle / NTBNye EU-krav, men ikkje før 2027
På same tid går det føre seg eit spel om ladarane på europeisk nivå.
19. oktober vedtok EU-parlamentet at du skal kunne bruke éin app for å betale for lading på alle hurtigladeplassar for elbil.
EØS-avtalen gjer at kravet også omfattar Noreg, men ikkje før i 2027.
Spørsmålet regjeringa må ta stilling til, er om universelle betalingsløysingar skal komme endå tidlegare.
Statssekretær i Samferdselsdepartementet, Johan Vasara (Ap), kan ikkje forskotere noko, men seier:
– Som eit ledd på vegen mot at alle nye personbilar er fossilfrie innan utgangen av 2025, bør det sjølvsagt vere enklast mogleg for folk å få tilgang til ladarar. Regjeringa vil leggje fram ladestrategien sin innan utgangen av året. Det vil betre forbrukarvennlegheit og inngå som eitt av fleire tema.