«Homeparty er for kvinner. Dette gidd ikkje menn bruke tida si på»

Heimesal er like populært som det alltid har vore. Men når kvinnene startar å selje slikkepottar og salatbollar, rømmer mennene heimen.

– Homeparty er for kvinner fordi dei elskar å vere i flokk. Dette gidd ikkje menn å bruke tida si på, seier førstelektor Gorm Kunøe ved Handelshøysolen BI.

Heimesal er storindustri der du kan få kjøpe alt frå plastboksar, kosmetikk og sex-leiketøy.

Tupperware er eit av mange selskap som driv med sal heime i stovene til folk. I år kan det amerikanske gigantkonsernet feire femti år i Skandinavia. I Norge er det i dag 12 distributørar og 3400 konsulentar.

– Heimesal fungerer strålande fordi opplevinga i butikkar er så dårleg. Endeleg er det nokon som demonstrerer noko for deg. Eg har vanskeleg for å sjå kva som er nytt i plastdingsar, men Tupperware har alltid gjort det godt, seier Kunøe.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tupperware-party i Dragsvik

PLASTBOKSAR: Fargerik plast fristar kjøpelystne damer.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

Du gir igjen ved å kjøpe

Mange av oss har tenkt og mange har sagt: Eg kjem på homepartyet ditt, men eg skal ikkje kjøpe noko. Men så gjekk det ikkje slik denne gongen heller.

For kjøkkenskapa er fulle og strengt tatt så treng ein vel ikkje nok ein plastboks, ein krem eller lysestake. Men så kjem ein i hyggjeleg selskap og plutseleg er ikkje lenger den utdelte bestillingslista tom.

– Det er difor den typen heimsal fungerer. Sjølv om alle seier at ein ikkje treng handle, så er det nettopp det som skjer. Du har fått invitasjon, du får kake og kaffi frå vertinna og du får av og til ein liten ting. Du gir noko igjen for alt dette ved å kjøpe, seier sosialantropolog Ida Marie Kramer.

Opnar heimen for homeparty

Det er onsdag kveld i slutten av januar. Oddrun Wathne i Dragsvik i Balestrand har opna heimen sin denne kalde vinterkvelden. Inne er det fyr i peisen, koppar, tallerkar og fruktfat står klar. Også kakene er lagt på fata.

No ventar ho innrykk av 14 venner, kollegaer og familie. Alle er damer i alderen 20–65 år.

Tupperware-party i Dragsvik

VERTINNE: Oddrun Wathne er kveldens vertinne og skjenkar kaffi til gjestene sine.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

Oddrun Wathne har også tidlegare hatt slike salsselskap i heimen sin. Og ho er klar på kvifor ho gjer dette.

– Det skjer ikkje så mykje her i Balestrand på kveldstid, så det er kjekt å invitere folk heim til seg, seier ho.

Sosiale biten viktig

Klokka nærmar seg 19 og damer i alle aldrar strøymer inn døra. Dei to stovene blir fylte av latter og prating.

Dei fleste damene i dei to stovene har vore på Tupperwareparty før, nokre har også vore på andre typar heimeselskap. Alle gjestene i stova i Dragsvik er samde: Den sosiale biten er veldig viktig. Samstundes seier alle damene at dei ikkje føler seg forplikta til å kjøpe noko.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Produkta skal visast fram

Tupperkonsulentent Anne-Karin Alme har reist frå Kaupanger for å vise fram plastprodukta som no står på ein blå duk med logoen til det amerikanske storkonsernet på. Tanken bak er at produktet skal visast fram og alle dei gode eigenskapane skal forklarast.

Ein demonstrasjon går stort sett føre seg på same vis. Alle gjestene får utdelt den nyaste katalogen, tilbodsbrosjyre, bestillingsark og ikkje minst ein penn å skrive med.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anne-Karin Alme

SELJAREN: Anne-Karin Alme har jobba som Tupperware-seljar i 14 år.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Så viser konsulenten fram nokre av produkta, før gjestene kikkar, spør og utvekslar erfaringar. Alle som har kome i kveld, får kvar sin gåve. Og vertinna får fleire gåver, for at ho har selskap, dersom andre vil halde eit nytt selskap og gåver alt etter kor godt salet går.

I 14 år har ho reist til framande heimar for å vise siste nytt i plast. Først var det ein hobby, så halvtidsjobb og no jobbar ho som konsulent på heiltid. Løna er basert på kor mykje ho sel og det varierer veldig kor mange selskap ho har.

– Vi er alle sjølvstendige og eg kan jobbe så mykje eller lite eg vil. Det er det som er fordelen med denne jobben, Eg kan spørje meg sjølv om fri og kan jobbe ekstra dersom eg treng ekstra pengar.

Eit stort konsern inn i stova

Ida Marie Kramer

SKREIV HOVUDOPPGÅVE: Sosialantrpolog Ida Marie Kramer valde seg eit nært tema då ho skulle skrive oppgåva si.

Foto: Privat

Sosialantropolog Ida Marie Kramer valde heimesal som tema då ho skulle skrive hovudoppgåva si for nokre år sidan.

– Eg valde dette fordi det handlar om oss sjølv, det måtte ikkje vere noko veldig eksotisk andre stader i verda. Men på den andre sida er jo dette fenomenet eksotisk, kanskje spesielt for menn. Dei har høyrt om det, men har ikkje vore med på det sjølv.

For når kona har selskap, forlet dei fleste mennene heimen den kvelden.

Kramer er klar på kva ho tykkjer er spesielt med denne måten å drive sal på.

– Her er det eit stort konsern som kan inn i stova til kven som helst – til noko av det mest private, kjøkkenet. Den motsetnaden der tykkjer eg er spesiell. Du har maten som blir servert, gåvene og sosiale band som blir knytte.

Fortel om produkt dei likar

Kramer fortel at samtaleemna var veldig forskjellige i dei ulike typane heimesal ho observerte.

– Då eg var i party der det blei seld kremar, snakka gjestene om utsletta og eksemane sine. Litt meir ekle tema. På Tupperware-selskapa handla det om mat, reinslegheit og haldbarheit. Kaketina var ein bestseljar og det blei ramaskrik då den blei teken ut og erstatta med ein ny type.

– Men kvifor eksisterer dette fenomenet i dag?

– Fordi det er eit kjøpepress. Du må gi noko igjen og då gir du igjen ved å kjøpe noko eller ha eit selskap ein annan gong. Og dersom ei venninne har kome til deg, så er du nærast forplikta å komme når ho skal ha selskap. Difor trur eg det funkar, det berre rullar og går fordi du føler du må gi noko igjen.

(Artikkelen held fram under biletet)

May Birkeland

HANDLA MYKJE: May Birkeland handla ein del denne kvelden, sjølv om ho har mykje frå før.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Byter ut riskokaren med plastboks

May Birkeland er ei av dei 14 gjestene i Dragsvik denne kvelden. Ho har budd i Norge i fem år og kjenner Tupperware frå heimlandet Filipinene. Ho har bestemt seg for at ho skal kjøpe noko i kveld. Mannen har i alle fall ikkje noko imot at ho handlar.

Birkeland fortel at ho et ris nesten kvar dag og vanlegvis brukar riskokar. Difor ler ho når ho får spørsmål om har tenkt å kjøpe.

– Det blir ein slik boks der ein kan lage risen ferdig i mikrobølgjeomnen. Riskokaren treng ein halvtime, dette skal berre ta åtte minutt. Det er viktig å spare tid, ler ho.

Ho har også kjøpt andre boksar, og skulle eigentleg kjøpt meir. Men sidan ho snart skal i eit anna homeparty, så prøver May å spreie kjøpa litt.

– Eg kan ikkje kjøpe alt på ein kveld, eg må spreie det litt over.

– Alle veit kvifor dei kjem

Gorm Kunøe

KAN MARKNADSFØRING: Førstelektor Gorm Kunøe meiner at heimesal er mest for kvinner.

Foto: Privat

Men kvifor har fenomenet med heimeselsskap overlevd i ei tid med eit rikt utval av butikkar og ikkje minst netthandel?

Måten som Tupperware og tilsvarande firma driv, blir kalla nettverksmarknadsføring. Førstelektor Gorm Kunøe underviser i sal og marknadsføring ved Handelshøyskolen BI.

– Det er ein hierarkisk metode for å få spreie direktesal av varer. Tupperware er mellom dei eldste i Norge, men det blir seld mykje anna, som klede, interiørting og kosmetikk på denne måten. Desse nettverka hoppar over eit ledd i distribusjonen, nemleg butikken.

Det er kundane som gjerne styrer kvelden der salet skal skje. Han seier det stort sett er kvinner som deltek på slikt.

– Alle veit kvifor dei kjem, nemleg snakke saman og bli presentert for nye plastboksar eller kosmetikk. Det er eit kjøpepress, men det er jo vaksne folk som kan gå eller la vere å kjøpe dersom dei ønskjer det.

– Menn gidd ikkje dette

Han seier at mange tykkjer det å handle på denne måten, er framand.

– Homeparty er mest populært blant kvinner. Det er ofte kvinner som handlar og som ofte bestemmer kva som skal kjøpast. Dette er fantastisk for mange, og så kjøper dei ein slikkepott. Dette er noko som fengjer folk, kanskje ikkje meg eller deg, men veldig mange. Dei har ei god oppleving og det er heilt legitimt.

Og grunnen til at homeparties er mest populært blant kvinner, er enkel ifølgje Kunøe.

– Kvinner elskar å vere i flokk. Menn gidd ikkje dette her. Dei skal ha noko og kjøper det. Dei gidd ikkje småprate med andre om kva dei eventuelt skal kjøpe. Det er det kvinner som gjer og dei har ein eigen oppleving av det.

– Kor viktig meiner du det sosiale er?

– Dersom du ikkje får den sosiale biten i det, så fungerer det ikkje. Du gidd ikkje setje deg inn i bilen, kanskje køyre eit stykke i kulda, med mindre den sosiale opplevinga er større enn ubehaget ved å skulle ut i kveld.

(Artikkelen held fram under faktaboksen)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Viser det geniale i ein plastboks

Han trur at grunnen til at gigantkonsernet har tvihalde på salsmetodane i generasjonar og klarer å overleve, er at den sosiale opplevinga er så mykje større enn i vanleg butikkhandel.

– Der er det ingen som viser deg det geniale i ein plastboks. Det må dama hos Tupperware, elles må ho gå svolten i seng.

– Er du skeptisk til denne type sal?

– Nei, det er eg ikkje. Eg tykkjer det er heilt fint. Det einaste eg er skeptisk til er at mange trur dei kan bli rike fort. Det blir ein ikkje.

Stor omsetnad

Jan-Fredrik Torgersen

STOR OMSETNAD: Jan-Fredrik Torgersen i Direktesalsforbundet fortel at omsetnaden aukar for kvar år.

Foto: Direktesalgsforbundet

Tupperware i Skandinavia vil ikkje seie noko om omsetnaden sin og dei er heller ikkje lenger med i Direktesalgforbundet. Forbundet organiserer dei som sel produkta utanom faste utsalsstader.

Leiar og styreformann Jan Fredrik Torgersen organiserer 22 direktesalfirma innan til dømes kosmetikk, kosttilskot, reingjeringsprodukt og pyntegjenstandar. Heimesalbransjen sysselset nærare 90 000 personar i Norge.

– I 2010 hadde selskapa som vi organiserer, ein omsetnad på 1,2 milliardar.

– Dei fem-seks siste åra har vi opplevd vekst kvart einaste år. Denne måten å handle på gir deg personleg service og du kan ta og føle på produktet. Det er også veldig sosialt og mange tykkjer det er triveleg å møtast på denne måten, seier han.

Nøgd med kveldens sal

Tilbake i Dragsvik kan Anne-Karin Alme samle saman bestillingsskjema som gjestene har fylt ut, vel to timar etter at ho starta demonstrasjonen. Ho er godt nøgd med denne kvelden.

– Her var det meir folk enn det pleier. Det er alltid kjekt når det kjem masse folk og dei pratar godt i lag.

– Er du nøgd med salet?

– For å seie det slik, vertinna fekk alle gåvene som er mogleg å få basert på salet, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tupperware-party i Dragsvik

REKNAR UT: Bestillingslistene er samla inn og Anne-Karin Alme finn ut kor mykje kvar enkelt skal betale.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

Kjøper meir enn før

Ho meiner at salet har blitt betre og betre og at folk brukar meir pengar nå dei handlar.

– Folk har nok betre råd no enn før, og marknaden er ikkje metta ennå.

– Har du nokre triks for å selje mest mogleg?

– Å vere ærleg og ha gode varer! Eg seier heller ikkje at alt er like bra, for vi har jo alle våre favorittprodukt.

– Blir folk rivne med på ein slik kveld?

– Det kan eg ikkje sjå vekk ifrå, men då har eg i alle fall gjort ein god jobb, flirer ho.

Konsulent Anne-Karin Alme kan stadfeste det som Kunøe seier at det stort sett berre er damer som kjem.

– Eg har nesten berre damer i selskapa. Men kjem det ein mann innom, er han veldig klar på kva han skal ha. Damene brukar lengre tid og kjøper gjerne litt no og så kjøper dei meir neste gong dei skal på eit slikt selskap.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Ein vellukka kveld

I Dragsvik går kvelden mot slutten. Nesten alle har smakt på kakene. Konsulenten pleier å styre unna dei.

– Eg kan jo ikkje ete kaker kvar kveld, det går berre ikkje. Men eg tek gjerne ein kopp kaffi, ler ho.

Og i det kvite huset ved fjorden er alle nøgde, både dei som har kjøpt meir enn dei tenkte og dei som fann akkurat det dei var ute etter.

– Det var veldig vellukka kveld og eg trur alle har kosa seg, seier kveldens vertinne Oddrun Wathne.

Også seljar Alme er nøgd.

– Dette har vore ein perfekt kveld, med god stemning, latter og masse prat. Slikt likar eg, seier ho.

Tupperware-party i Dragsvik

MYKJE GLEDE: Latterne sit laust hos damene i Balestrand.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK