Hopp til innhold

Dette får du svar på i morgon

Driftssituasjonen i Helse Førde vert karakterisert som svært utfordrande: I budsjettet for 2010 må helseføretaket kutte millionar av kroner. Onsdag er det styremøte med det omdiskuterte budsjettet som tema.

Jon Bolstad og Clara Øberg på styremøte i Helse Førde

VEDTEK BUDSJETTET: Administrerande direktør Jon Bolstad og styreleiar Clara Øberg sit i sentrale poisjonar, når styret i Helse Førde onsdag skal vedta eit omstridt budsjett for 2010.

Foto: Bård Siem / NRK

Sjå styremøtet direkte i nett-TV frå klokka 9

Skal Helse Førde klare å tilfredsstille resultatkravet på 40 millionar kroner i underskot, må styret onsdag kutte 2010-budsjettet med 55 millionar kroner i forhold til inneverande år.

Det får konsekvensar får tilbodet Helse Førde kan tilby ved lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane.

«Sjølv om det har lukkast å leggje fram eit budsjett i balanse, så er det grunn til å uttrykke uro for den økonomiske situasjonen i føretaket», heiter det i saksutgreiinga frå Helse Førde før styremøtet onsdag.

Budsjettet legg viktige føringar

Etter eit turbulent 2009, er onsdagens styremøte med handsaming av budsjett for neste år eit førebels klimaks i Helse Førde.

Då får du svar på alle spørsmål knytt til kor mykje pengar føretaket skal bruke, kva dei reknar med av inntekter, kva dei tek opp i lån og korleis dei skal spare 55 millionar.

Først i april 2010 får du svar på dei konkrete prioriteringane som går på ortopedi, fødestove og akuttavdeling ved lokalsjukehusa i Lærdal og Eid. Då skal styret i Helse Førde vedta ein strategiplan - men den heng også nøye saman med morgondagens budsjettvedtak.

Dette er stridens kjerne

Det knyter seg stor spenning til kva som kjem til å skje med fleire funksjonar i helseføretaket i Sogn og Fjordane:

Vurderer talet på liggjedøgn

Andre tiltak som kan bli aktuelle er å avgrense talet på liggjedøgn, og gjere ein større del av behandlingane om til dagbehandling.

Ved alle tre sjukehusa blir til dømes talet på liggjedøgn i samband med normalfødslar vurderte redusert.

Du finn alle styrepapira på nettsidene til Helse Førde.

Styremøtet startar onsdag 16. desember klokka 09.00.