Difor vil sjukehuset skru drosjeprisane ned – 40 prosent forskjell i pris i same kommune

Frontane er steile i pasientreisekonflikten i Helse Bergen. Nye tal frå helseføretaket provoserer taxiforbundet.

Taxi foran sentrablokka på Haukeland sykehus

PASIENTTRANSPORT: 17 av landets helseføretak lagar eigne avtalar om pasientkøyring. No nektar Helse Bergen å inngå avtalar dei meiner er «urimeleg dyre».

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Konflikten mellom drosjesentralane i tolv vestlandskommunar og Helse Bergen held fram. Etter å ha forhandla i eitt år, kollapsa forhandlingane og alle avtalar gjekk ut 12. oktober.

Etter det har tusenvis av pasientar vore nøydde til å bestilla og legga ut for transporten sjølve.

Helse Bergen meiner dagens avtalar med sentralane er for dyre, og ønskjer meir like prisar. Drosjesentralane nektar å godta tilbodet, fordi dei meiner taxidrifta ikkje vil gå rundt.

Så store er skilnadene

Helse Bergen har uttalt at prisane i distriktet er «urimeleg dyre sett i forhold til andre stader i landet». NRK har bedt helseføretaket om å demonstrera kor store prisforskjellane faktisk er.

Før kontraktane gjekk ut i haust, hadde Helse Bergen inngått kontraktar i 20 område.

På grunn av konkurranseomsyn kan dei ikkje spesifisera korleis skilnadene slår ut i kroner og øre. Ifølge Helse Bergen varierer prisnivået med:

  • 41 prosent på kilometerprisen for turar innan same kommune
  • 8 prosent på kilometerprisen for turar mellom kommunar
  • 37 prosent på minstepris (som er det Helse Bergen i minimum betaler for ein tur)
  • 126 prosent når det gjeld rullestoltillegg (turar der pasienten sit i rullestol under køyringa)

– Eksempla over viser at det er stor spreiing i prisnivå på dei ulike elementa i avtalane våre. Eitt av måla med anbodsrundane har vore å få til ein meir lik prisstruktur mellom aktørane, seier avdelingsleiar for pasientreisekontoret i Helse Bergen, Ann-Mari Høiland.

Tor Anders Hauge, leiar i Norges Taxiforbund Hordaland

FORBUNDSLEIAR: Fylkesleiar Tor Anders Hauge i Norges taxiforbund.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Får ikkje betalt for å henta

Tor Anders Hauge, leiar i Norges Taxiforbund Hordaland, meiner variasjonen på 41 prosent reflekterer at mange drosjar må køyra lange avstandar for å henta pasientar.

– Kostnadene med dette må dei legga inn ein plass, og då tar dei det igjen på kilometerprisen, seier forbundsleiaren, som står tvil om tala gir eit riktig bilete.

Hauge poengterer at det er skilnad på distriktskommunar med korte avstandar til sentrum, og meir grisgrendte kommunar med lange avstandar.

Hauge, som er dagleg leiar i Os taxi, viser til sin eigen kommune Bjørnafjorden. Gamle Os kommune er sentrert og tettbygd, medan gamle Fusa kommune er langstrakt med spreidd busetnad.

– Fleire turar, folk og taxiar gjer at ein bynær taxi sjeldan må køyra lange strekk for å koma til ein passasjer. I distrikta må ein på enkeltoppdrag i verste fall bruke ein time berre på tilkøyring, seier Hauge.

– Dette er tid ein ikkje får betalt for, peikar han på.

Helse Bergen viser til ei nasjonal kartlegging, som tilseier at drosjesentralane i Hordaland jamt over får betre betalt enn andre stader. Spesielt gjeld dette distrikta.

Taxiforbundet er på si side kritiske til at samanlikninga har tatt omsyn til ytre faktorar som geografi og infrastruktur.

Avdelingssjef Ann-Mari Høiland ved pasientreisekontoret i Helse Bergen.

AVDELINGSSJEF: Ann-Mari Høiland er avdelingssjef ved pasientreisekontoret i Helse Bergen.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Forskjell på by og land

I dag tilbyr Pasientreiser ein maksimalpris per kilometer som drosjeselskapa må halda seg innanfor når dei gir tilbod. I område med konkurranse er det selskapet som gir best rabattpris som sikrar seg anbodet.

Jo lågare rabatt selskapet gir, desto fleire år med opsjon sikrar drosjeselskapet seg.

I område utan konkurranse oppnår ikkje helseføretaka denne rabattprisen. Difor vert gjerne prisen i distrikta høgare.

– I alle distrikt er det eit svært prisdrivande moment; varierande volum. Pasientreiser vil nokre dagar ha éin bil, andre dagar ti biler. Mange dagar ingen rullestolbilar, enkelte dagar tre samstundes. Det seier seg sjølv at prisen må bli høgare enn om ein hadde nokolunde fast oppdragsmengde, seier Hauge.

Han peikar på at små sentralar med færre turar, difor ikkje har råd til redusera dette tillegget.

– Det er ein gong sånn at det er forskjell på by og land. Det må Helse Bergen snart forstå.

Helse Bergen varslar at dei vil lysa ut nytt anbod for pasientreiser i byrjinga av november.