Dette er dei sakna

Dei sakna etter ulukka i Tokagjelet i Kvam er Kjell Arne Pedersen (64), Nils Johan Bårdsen (72) og Ruth Wathne (68), opplyser politiet. Alle er frå Askøy. – Fokuset er framleis å finne dei tre som er sakna. Det har gått såpass lang tid at vi er over i ei ny fase, som vi kallar søk etter antatt omkomne personar. Det er liten eller ingen sannsyn for å finne desse personane i live, diverre, seier innsatsleiar.