Hopp til innhold

Dette er Bjørg (93) sitt beste treningstips

Blir det for mange timar i sofaen desse vekene? Bjørg (93) gir deg hennar beste treningstips.

Bjørg Solheim trener heime.

TRENINGSINSTRUKTØR: Bjørg Solheim (93) vart treningsinstruktør og motivator for mange andre.

– Eg har sakna å reise på gym på sjukeheimen, vi har hatt det kvar tysdag, seier Bjørg Solheim.

Den siste tida har blitt roleg for den vanlegvis aktive dama frå Naustdal i Sunnfjord i Vestland.

Som dei fleste andre eldre, har ho blitt råda til å halde seg heime og unngå å treffe for mykje folk.

Tiltaket for å hindre smittespreiing gjer at det blir mykje stillesitting.

Under eit besøk hos dottera si fekk ho beskjed om at ho kunne ta nokre enkle øvingar som eigentrening.

– Vi måtte prøve med knebøy, seier Torunn Solheim, dotter av Bjørg.

Til inspirasjon

Medan Bjørg gjorde knebøy, filma Torunn det heile. Og for å inspirere andre, vart videoen lagt ut på Facebook og Instagram. Det tok heilt av.

– Ein heilt utruleg respons, seier Torunn.

Til vanleg er ho spinninginstruktør på treningssenteret Spenst i Førde. Ein hobbyen ho har hatt i 25 år.

Ho meiner trening er viktig, spesielt i desse tider.

– Eg trur det har utruleg mykje å seie for helsa. Det gjev energi og livsglede.

No trur ho inspirasjonsvideoen med mora kan gjere at fleire trener heime. Hovudpersonen sjølv berre ler av responsen.

– Det er rett og slett latterleg, ler Bjørg, men legg fort til: – Om eg kan vere glede for nokon andre, så gjer eg det med glede.

Bjørg og Torunn Solheim

GODE VENER: Mor og dotter, Bjørg og Torunn Solheim, er gode vener, og no instruktørkollegaer.

Foto: privat

Trening på video

– Ho er jo eit kjempeførebilete, for unge og gamle. Det viser at alle kan halde seg i aktivitet.

Kent Roger Engdal er dagleg leiar og eigar i Spenst Førde.

Dei siste vekene har dei som alle andre treningssenter vore pålagd å halde stengt.

I staden for å slappe av, starta dei å filme instruktørar og gruppetimar, som vart delt med medlemmane. På den måten kan dei trene sjølv om senteret er stengt.

– Eg trur det er veldig viktig å kome med eit slikt tilbod, slik at folk kan få trene heime.

Det var Spenst Førde som delte videoen av Bjørg på deira Instagram-konto. Det som inspirasjon til både medlemmar og følgjarar.

– Det er veldig positivt at ho stiller opp og gjev mot til mange andre enn seg sjølv.

Kent Roger Engdal, dagleg leiar på Spenst treningssenter.

GLER SEG: Sjølv om dei digitale treningstimar har slått godt an, gler Engdal seg til dei kan opne att. – Det seier medlemmane vår og, så det er kjekt dei saknar oss.

Foto: Ingvild A. Eide / NRK

Bjørg sitt treningstips

– Ho mor imponerer meg kvar dag. Med humør og livsvilje, ho er ein inspirator, seier Torunn.

Ho håper Bjørg kan inspirere folk i alle aldrar til å trene meir på eiga hand.

– Det hadde vore veldig bra dersom det vart resultatet, seier Torunn.

– Ho har mange venninner i same alderskull. Kanskje startar dei med eigentrening heile gjengen.

I bakgrunnen ler Bjørg. Hennar treningstips er enkelt.

– Det er knebøy, det er enkelt å få til, og det hjelpe. Du må hugse å bevege armane.

93-åringen er eit bevis, og seier det sjølv.

– Det er mogleg for alle å trene. Det er berre å finne ein måte som du klarer, seier Bjørg.