Hopp til innhold

Dette bør du vite om elsparkesykkel og barn

Har barnet ditt lyst på elsparkesykkel? Eller har ho det allereie? Då kan det vera greitt å vera klar over reglane som snart trer i kraft.

To ungar og ein forelder på elsparkesykkel i Oslo.

Frå og med 15. juni har ikkje ungar under 12 år lov å køyra elsparkesykkel.

Foto: Geir Olsen / NTB

Du har kanskje sett dei. Køyrande bortover gata på ein L-forma, motorisert tohjuling.

Heilt sidan elektriske sparkesyklar fekk sitt inntog i Noreg har synet blitt vanlegare og vanlegare.

Også barn har begynt å bruka dei og på marknaden kan ein finna eigne elektriske sparkesyklar for dei med litt kortare armar og bein.

Men om poden har sjølvdrivande sparkesykkel på ønskelista kan det vera greitt å vera klar over lovendringane som trer i kraft 15. juni i år.

t9woBT-5yUk

Hjelm og aldersgrense blir innført 15. juni.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

12 års aldersgrense

Den viktigaste lovendringa er at ingen under tolv år får lov til å køyra elektrisk sparkesykkel.

Dette gjeld både leigesyklar og eigne.

Det betyr at sjølv om ungen fekk elsparkesykkel til 10-års dagen har ho ikkje lov til å bruka han før ho feirer 12 år.

– Dette er eit høgrisiko køyretøy med høgt skadepotensiale. Aller helst skulle me sett 16-års aldersgrense, seier Ann Helen Hansen i Trygg Trafikk.

Ho fortel at det statistisk sett er fem til sju gongar større sjanse å skada seg med elsparkesykkel enn vanleg sykkel.

Så kva skjer då viss nokon under 12 får tak i ein elsparkesykkel og susar litt rundt? Ikkje så mykje, i følge Samferdsledepartementet.

Påbod om bruk av hjelm og aldersgrense gjeld mindreårige, og derfor vil det i liten grad bli ei formell handheving av desse reglane, skriv Samferdsledepartementet til NRK.

El-sparkesykkel

Det er foreldra som har ansvaret for at ungar har rett utstyr når dei køyrer elsparkesykkel.

Foto: Anders Fehn / NRK

Påbod med hjelm

Er barnet ditt over 12, men under 15 år må du sjå til at ho har på seg hjelm før ho tek turen ut.

Frå midten av juni blir det nemleg påbode for alle under 15 år å bruka hjelm når dei køyrer elsparkesykkel.

Samferdsleminister, Jon-Ivar Nygård, seier om lag ein tredel av skadane i elsparkesykkelulykker er hovudskadar.

– Barn har eit særleg krav på vern, og er særleg sårbare for hovudskadar. Eit påbod vil gi eit viktig signal om risikoen ved bruk av slike elektriske køyretøy, seier Nygård.

Det er foreldra som står ansvarlege for at ungar har rett utstyr når dei køyrer elsparkesykkel.

Du må ha forsikring

Denne regelen vil ikkje tre i kraft for privatpersonar før til neste år.

Likevel kan det vera greitt å vera klar over at alle som har eigen elsparkesykkel må ha forsikring.

Det gjeld også om barnet ditt kjøper elsparkesykkel for eigne pengar.

Barn er avhengige av foreldra sine for å kunne inngå avtale om forsikring, sjølv om elsparkesykkelen er eigd av barnet. Det er med andre ord foreldra som har ansvaret på dette området òg, skriv Samferdslepartementet.