Hopp til innhold

Slutt på snus og røyk for elevane på vidaregåande skular

Det blir slutt på at elevar får røyke og snuse på dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.

Snus og røyk

FÅR IKKJE LENGER LOV Å RØYKE ELLER SNUSE: Det vil bli totalforbod mot bruk av røyk og snus i vidaregåande skular frå fyrste juli 2014.

Foto: NTB Scanpix

–Vi har hatt ei ordning som har fungert bra. Men ved å ta eit slikt vedtak sentralt føler eg at vi blir overkøyrde, både skulane og elevane.

Det seier Daniel Gangeskar, leiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre. Han tykkjer at kvar enkelt skule burde hatt meir makt til å bestemme sjølv kva ordning dei vil ha.

I dag møttest Hovudutvalet for opplæring i Sogn og Fjordane Fylkeskommune for å diskutere endringa i ordensreglement på dei vidaregåande skulane. Der blei det vedtatt eit totalforbod mot tobakk i skuletida, som skal innførast frå og med fyrste juli 2014.

Men det var ikkje full semje rundt denne saka i Hovudutvalet. Venstre foreslo først å utsetje saka for å få i tale Ungdomspolitiske Utvalet, og fremja deretter eit alternativt framlegg til det totale forbodet som blei vedtatt i dag. Venstre blei nedstemt i begge sakene då partiet stod aleine i avrøystingane.

Større inkludering av elevane

Daniel Gangeskar

MOT FORBOD: Leiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre, Daniel Gangeskar.

Foto: Privat

Gangeskar meiner ei slik ordning reduserer demokratiske prosessar, og fører til at skulane får lite å seie i korleis dei vil organisere eit slik tobakksforbod. For han er det viktig at elevane får komme med sine innspel, meiningar og ytringar før slike saker blir vedtatt.

–Det er ikkje vedtaket i seg sjølv eg har eit problem med, men prosessen, måten det vert gjort på. Det er jo trass alt elevane det gjeld, seier Gangeskar.

Han synest at dagens ordning, der det har vore opp til skulane sjølv å innføre slike forbod, har fungert bra. Han ser ikkje føremålet med å endre på den. Han trur det er fleire fordelar ved å inkludere elevane i prosessane.

–Elevane burde vore høyrt. Då hadde ein fått nye innspel og ny innsikt. Då trur eg ein hadde greidd å sjå saka på ein litt anna måte.

-Vil ha lite påverknad

Noko av bakgrunnen for vedtaket er ønsket om at det vil bidra til å redusere tobakksbruken blant elevane. Gangeskar på si side trur ikkje eit slikt forbod vil hjelpe.

–Elevane kan framleis bruke tobakk i fritimar og elles på fritida, så eg trur ikkje det vil føre til nokon drastisk reduksjon, seier han.

Fleire av elevane ved Øyrane vidaregåande skule som NRK.no snakka med i går, delte synspunktet til Gangeskar.

–Eg trur ikkje elevane kjem til å ta det så alvorleg til å byrje med. Eg trur det må bli ein del merknadar for at det skal skje, seier Jim Andre Solheim, elev ved Øyrane vidaregåande skule

Ei pålagt endring

Norvall Nøringset

HOVUDUTVALET FOR OPPLÆRING: Leiar Norvall Nøringset

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Norvall Nøringset er leiar for Hovudutvalet for opplæring i Sogn og Fjordane. Ifølgje han hadde dei ikkje noko anna val enn å endre på reglementet i dei vidaregåande skulane i fylket, i tråd med det nye pålegget frå Stortinget. Han seier dei har hatt klare føringar på kva som må gjelde.

–Juristane har vore klare på det. Når eit slikt lovvedtak kjem frå Stortinget så må vi følgje det opp. Tobakkskadelova har kome inn i skulane, så forbodet vil difor omfatte alle elevane ved vidaregåande skular, seier Nøringset

Gangeskar på si side meiner det bør vere er opp til kvart enkelt fylke kva saker dei vil ta opp og leggje fram.

–Vi er så heldig at vi har demokratiske prosessar i dette landet. Men sjølvsagt, viss dei føler at dette er noko dei har blitt pålagt så er det deira syn, seier Gangeskar.

Likskap for alle

Spesielt er det dei forskjellige reglane for tilsette og elevar over 18 år som Gangeskar reagerer på.

–Eg meiner det er uakseptabelt. Då byrjar ein med forskjellsbehandling i skulen. Dersom ein skal ha eit slik totalforbod, så må det gjelde alle ved skulen, også dei tilsette, seier han.

Han trur også det vil vere vanskeleg å få gjennomslag for ei slik ordning dersom den ikkje gjeld for alle ved skulen.

–Dersom dei tilsette kan nytte seg av tobakk, men ikkje elevane, vil dei kunne miste både respekt og tillit, seier Gangeskar.

Elevane ved Øyrane vidaregåande skule i Førde, som NRK prata med i går, meiner at forbodet mot tobakk må gjelde også for dei tilsette.

Elevar Øyrane vgs

UEINIG: Elevane ved Øyrane VGS meiner forbodet også må gjelde dei tilsette.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

–Det må vere likt for alle, det er heilt urettferdig om lærarane får lov, men ikkje vi, seier Jim Andre Jensen Dale, elev ved Øyrane vidaregåande skule.

Elevrådsleiar ved Øyrane vidaregåande skulen, Gaute Dvergsdal, var også einig.

–– Eg tykkjer ikkje det er greitt dersom lærarane skal få fordelar som elevane ikkje får. Mange av elevane er over 18 år, og har i prinsippet eigentleg lov til å snuse og røyke, så klart på tilviste plassar, seier Dvergsdal

Forbod også for lærarane?

Mange skular i fylket har allereie i dag tobakksreglar som omfattar både elevane og dei tilsette.

Nøringset seier at diskusjonen rundt tobakksforbod for lærarane ikkje blei diskutert under dagens møte, og at dette er noko ein eventuelt må kome tilbake til på eit seinare tidspunkt.

Men betyr det at eit forbod for lærarane også vil kome på dagsordenen i den næraste framtid?

–Kor nær framtid det skjer det veit ikkje eg, men eg trur dette er ei problemstilling ein blir nøydd til å diskutere og stelle oss til i framtida, på ein eller annan måte, seier Nøringset