Hopp til innhold

Dette blinkskotet frå Hardanger har skapt Noregs-feber i utlandet

– Det var heilt surrealistisk å sjå kor mange «likes» som poppa opp, seier fotografen.

Utsiktsbilde, Utne i Ullensvang (Hardanger)

KARANTENEUTSIKT: Det er mykje vakkert å kvile auga på frå stuevindauget til Kjell-Erik Ruud på Utne.

Foto: Kjell-Erik Ruud

Nesten 4000 likes og omtale i ei av Frankrikes største aviser vart resultatet då Kjell-Erik Ruud posta bilete av utsikta si frå stuevindauget i Facebookgruppa «View from my window» for nokre veker sidan.

Gruppa har over 2 millionar medlemmer og blei oppretta for å binde folk som sit i koronakarantene saman over heile verda.

Frå huset sitt på Utne i Ullensvang i Hardanger ser Kjell-Erik Ruud rett ut mot Hardangerfjorden og dei mektige fjella.

Hamna i fransk storavis

Det var ein kompis av Ruud i Oslo som tipsa han om gruppa og som sa han burde poste bilete.

Responsen lét ikkje vente på seg.

Le Figaro omtale av bilde fra Utne

OMTALE: Den franske storavisa «Le Figaro» brukte bilete frå Utne då dei omtala Facebook-gruppa.

Foto: Skjermdump

– Eg gjekk inn og såg at det blei brukt som «dagens bilete», og då begynte det å få masse respons. Det var heilt surrealistisk å sjå kor mange «likes» som poppa opp, seier Ruud.

Bilete vart også fanga opp av den franske storavisa «Le Figaro». I artikkelen frå den franske avisa kjem det fram at grunnleggaren av Facebookgruppa no planlegg både bok og utstilling.

Vil byte feriehus

Ruud kjem opphavleg frå Hammerfest, men har budd på Utne sidan 1992. Han legg ofte ut bilde av den imponerande utsikta i sosiale medium. Men aldri før har tilbakemeldingane vore så mange som no.

Kjell-Erik Ruud

OVERVELDA: Kjell-Erik Ruud hadde ikkje venta at bilete han delte frå stua skulle få så mykje respons.

Foto: Privat

– Det har vore heilt fantastiske tilbakemeldingar. Ein kunstnar som er busett i Noreg sa han ville kome her og lage eit måleri, og folk frå Sør-Frankrike har spurt om eg vil byte leilegheit, fortel Ruud.

– Og kan det bli aktuelt?

– Du skal ikkje sjå vekk frå det, seier Ruud.

Han bur delar av året i Aten og sat i heimekarantene på Utne då han tok bilete.

Ruud, som sjølv er kurator av yrke, seier det har vore artig å følge med på korleis gruppa har klart å kople folk saman gjennom bileta.

– Uansett kor ein sit i karantene, så har vi dette til felles at vi deler det vi ser ut av vindauget. Då eg flytta til Utne hadde eg aldri drøymt om å få ein så fin utsikt, seier Ruud.

– Verdifullt for reiselivet

Ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug (Ap), seier det er kjekt at folk deler bilete frå kommunen.

– I dagens digitale verd er det som blir plukka opp av aviser verdifullt for reiselivet på kort og lang sikt, seier ordføraren.

Grunna koronasituasjonen har reiselivet i Ullensvang allereie byrja å planlegge for neste års sesong. Truleg er det ikkje realistisk at mange franskmenn vil kunne vitje Utne denne sommaren.

– Men sånne ting som dette har òg ein langtidseffekt, og det viser kor mykje fint det er å sjå i kommunen og regionen vår, seier Aga Haug.