Hopp til innhold

Sjå lista over kva regjeringa vil bruke pengar på i fylket i 2019

Her kan du lese kva statsbudsjettet seier om 2019 i Sogn og Fjordane.

Statsbudsjettet for Sogn og Fjordane

Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett vart lagt fram av finansminister Siv Jensen måndag klokka 10.00. Lista under ramsar opp noko av det regjeringa ønsker å bruke pengar på i Sogn og Fjordane i 2019.

SAMFERDSLE:

  • E16 Lærdal og Aurland – 221 millionar

Oppstart av arbeidet med utbetring av Borgundstunnelen, Lærdalstunnelen og Seltatunnelen, og vidareføring av arbeidet i Gudvangatunnelen på E16, får pengar. Prosjektet er ein del av det nasjonale programmet for rehabilitering av tunnelar ut frå krava i forskrift om tunneltryggleik. Prosjektet i Gudvanga- og Flenjatunnelane hadde eit kostnadsoverslag på om lag 388 millionar kroner då det starta i august 2016. Prosjektet blir opna for trafikk i 2020.

  • E39 Bjørset–Skei – 174 millionar

Prosjektet omfattar utviding av eksisterande veg til 8,5 meter vegbreidde og utretting av svingar. Frå Bjørset til Indre Årdal er det planlagt ekstra brei skulder for mjuke trafikantar, og frå Indre Årdal til Skei er det planlagt gang- og sykkelveg. Prosjektet omfattar også utbetring av eit skredpunkt. Prosjektet er planlagd opna i juni 2019.

E39 Bjørset

BLIR FERDIG: Arbeidet med Bjørset-Skei i Jølster har vore i gong ei stund. Pengar til fullføring i 2019 er på plass.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK
  • E39 Tunnel- og brufornying og -utbetring, mellom anna i Gulen

Det er sett av pengar til å starte utbetringa av Fløyfjell-, Eikefet-, Jernfjell- og Skrikebergtunnelene og vidareføre utbetringa av Masfjord-, Matreberg-, Trodals- og Munkebotntunnelane i Hordaland og Sogn og Fjordane.

  • E39 Skipenes bru, Eid kommune

Ny Skipenes bru får midlar i 2019.

  • E39/fv. 609 Askvollkrysset, Førde kommune

Det er sett av midlar til å halde fram ombygginga av Askvollkrysset i Førde, som ein del av Førdepakka.

  • Rv. 13 Vik–Vangsnes, Vik kommune – 205 millionar

Strekninga mellom Vik og Vangsnes er svært utsett for skred. Det er registrert 134 skred i perioden 1986–2012. Prosjektet omfattar bygging av om lag 3,7 kilometer ny veg inkludert ein om lag 3 kilometer lang tunnel på den mest skredutsette delen. Arbeida starta i november 2017 og skal opne for trafikk hausten 2020.

  • Rv. 5 Kjøsnesfjorden, Jølster kommune – 120 millionar

Trass i at det er gjort sikringstiltak langs Kjøsnesfjorden tidlegare, er framleis enkelte parti svært utsett for skred. Prosjektet omfattar bygging av ein om lag 6,5 kilometer lang tunnel i tilknyting til den eksisterande Støylsnestunnelen fram til Kjøsnes. På Kjøsnes blir det bygd om lag 350 meter veg frå tunnelopninga og fram til eksisterande rv. 5. Eksisterande rv. 5 på strekninga blir gang- og sykkelveg i sommarhalvåret, og stengt i vinterhalvåret.

  • Rv. 5 Mannheller ferjekai, Sogndal

Det blir sett av midlar til å vidareføre utbetringa av Mannheller ferjekai på rv. 5 for å legge til rette for nye ferjer.

  • Rv. 5

Tiltak mot utforkøyring og til forsterka midtoppmerking på rv. 5 får pengar i 2019.

Norsk Villakssenter i Lærdal

MILLIONAR: Norsk villakssenter i Lærdal får 7,4 millionar saman med tre andre som skal vere vertskap for eit nasjonalt laksesenter.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

KYST:

  • Herlandsvik fiskerihamn – utdjuping (Askvoll)

Regjeringa vil løyve 42 millionar til å delfinansiere kommunale fiskerihamnanlegg. Løyvinga inkluderer også 10 millionar kroner for ferdigprosjektering av fiskerihamntiltak. I fylket er Herlandsvik prioritert.

KLIMA OG MILJØ:

  • Nytt nasjonalt villakssenter Lærdal – 7,4 millionar

Er planlagt med fire driftseiningar. Lærdal skal vere vertskommune for ein av einingane.

  • Jostdalsbreen og Nærøyfjorden

To nye arbeidsplassar. Ein ekstra nasjonalparkforvaltar til i Jostedalsbreen nasjonalpark, og ein ekstra forvaltar i Nærøyfjorden landskapsvernområde.

Kajakkturistar

ARBEID: Forvaltninga av Nærøyfjorden og Jostedalsbreen får tilført to nye stillingar i 2019.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK
  • Flaum- og skredsikring

Skredsikring i Vik og flaumsikring i Gloppen, Stryn og Hornindal. Regjeringa vil bruke 349 millionar kroner til førebygging av flaum- og skredskadar på landsbasis.

KULTUR:

  • Opera Nordfjord – 400 000

Til arbeid med mangfald, inkludering og kampen mot fattigdom. Fargespel Nordfjord.

ØKONOMI:

10 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane får ein vekst i frie inntekter som er høgare enn eller lik veksten på landsbasis. Størst vekst får Balestrand på 7,6 prosent. Minst får Hornindal på 1 prosent.

FORSVAR:

Regjeringa har sett av meir pengar til øving for heimevernet i Sogn og Fjordane i 2019.