Hopp til innhold

Usikker på korleis hjelpe folk i Ukraina? Dette seier hjelpeorganisasjonane

Mange nordmenn ynskjer å hjelpe dei som er råka i Ukraina-krigen, men er usikre på kva som er rett og feil i ein jungel av innsamlingsaksjonar.

"Søppelfylling" med klær og utstyr i den polske grensebyen Medyka.

SØPPEL: Ania Morawiec har fotografert det ho beskriv som reine søppelfyllingar ved grensepasseringen i Medyka i det søraustlige Polen.

Foto: Ania Morawiec

Tysdag kunne NRK fortelje om store søppelhaugar av leiker, klede og anna utstyr ved grensa til Ukraina.

Utstyret er truleg donert i beste meining av nordmenn og andre europearar.

Men på grunn av mangel på organisering ved grensa, enda mykje opp med å bli øydelagt av vær og vind. Og det før det i det heile tatt kunne hjelpe.

Lokale hjelpeorganisasjonar bad folk stoppe å donere ting for å lette på trykket.

Men kva kan ein gjere?

NRK har spurt nokre av dei største hjelpeorganisasjonane i Noreg; Røde Kors, Amnesty, Redd Barna og Flyktninghjelpen.

Mor og to barn på vei mot grenseovergangen mellom Ukraina og Slovakia.

PÅ FLUKT: Mor og to barn på veg mot grenseovergangen mellom Ukraina og Slovakia.

Foto: PETER LAZAR / AFP

Eg vil bidra, men korleis?

Alle organisasjonar er klare på ein ting:

– Gi pengar.

Torben Bjørke Henriksen i Røde Kors forklarar at det er dei lokale organisasjonane som har best oversikt over kva det er behov for til ei kvar tid.

– Det er pengar dei treng no. Dei kjøper inn det som faktisk trengst.

Tiril Skarstein i Flyktninghjelpen seier dei deler ut kontantar direkte til dei råka.

– For mange kjennast det godt å kunne kjøpe det dei trenger sjølv.

Flyktninghjelpen meiner også det er betre om pengane blir brukt på butikkar i dei kriseramma områda enn i Noreg der butikkeigarane har god økonomi.

Et lagerrom stappfullt av flytteesker med ting og tang som skal sendes til flyktningene i Ukraina.

STAPPFULLT: Mange har donert klede, leiker og anna utstyr til Ukraina dei siste dagane. Her frå Bodø.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr

Korleis veit eg at donasjonen går til det aktøren lover?

Det florerer med innsamlingsaksjonar på Facebook, Instagram og andre sosiale medium.

Er du usikker på om innsamlinga du vil støtte er reell kan du sjekke Innsamlingskontrollen.no

Dei kontrollerer om innsamlingar som blir gjennomført i Noreg er seriøse.

– Me anbefalar også at du sjekkar organisasjonen si heimeside dersom du er usikker. Der vil du finne informasjon om formålet til organisasjonen, seier Gunvor Knag Fylkesnes i Redd Barna.

All children received toys. Water, juices, hygiene kits, face masks, perishable foods, kits for newborns (pampers, wet napkins) are available for every single family that crosses the border. We are also offering flyers that contain necessary information.

LOKAL HJELP: Lokale frivillige i Redd Barna Romania deler ut leikar ved grensa til Ukraina 25. februar i år.

Foto: Redd Barna

Kan eg reise ned til området og hjelpe?

Mange ynskjer å vera meir deltakande enn å «berre» donere ein sum til ein organisasjon.

Det meiner Skarstein i Flyktninghjelpen er fint.

Likevel anbefalar ho ikkje privatpersonar å reise til Ukraina og nabolanda for å hjelpe.

– Det kan fort bli eit problem om mange kjem til grenseområda og tar opp husly frå dei som faktisk treng det.

Fylkesnes i Redd Barna er einig.

– Det er ein ekstremt alvorleg og kaotisk situasjon, og det er lite privatpersonar kan bidra med på dette tidspunktet.

Både Flyktninghjelpen, Røde Kors og Redd Barna meiner det kan vera betre å melde seg som frivillig i Noreg og bidra når flyktningar kjem til landet.