Det vert overgrepsmottak i Førde

Det vert ikkje etablert eit mobilt overgrepsmottak slik som først tenkt. Det nye mottaket vert no lagt til legevakta i Førde.

Sogn og Fjordane er det einaste fylket i landet utan eit overgrepsmottak. No går det mot oppstart i 2012.
 

Den endelege planen er no sendt ut til politisk behandling i kommunane.

- Kommunane er positive, men påpeikar at overgrepsmottaket er eit nytt tiltak som kjem på toppen av alle andre kostnader.

Det seier prosjektleiar Helge Ulvestad.