Bokmelding av Marit Bendz
Men hjelpa dukkar opp frå uventa stad. Og er det ikkje ofte slik, at i nauda er det ikkje dei du trudde var venene dine som stiller opp. Edderkoppen Spindella, som vel i røynda ville gnafse i seg ei halvt ihelfrosen humle, tek vare på Mille.
Dei 30 sidene er fylt av kraftige akvarellar og akkurat passeleg med tekst. Anne Angelshaug har kosa seg med denne jobben, det struttar glede og sprudlande fantasi ut av sidene, der fargerike skapningar flyg rundt i duse landskap. Mille sjølv er både blå og gul, medan Spindella har dei lengste og mest fargesprakande beina eg nokon gong har sett på ein edderkopp.
Dette er ei bok for førskuleborn. Dei er ofte redde for insekt fordi dei vaksne er det. Insekta i denne boka ser snille ut. Det er ei bok som garantert vil lage spørsmål i hovuda på dei små. Kanskje er det ein ide å lese seg opp på humler? Det er eit aktuelt tema i ei tid då fleire av dei 35 humleartane i Noreg står på raudlista.
Ei lesestund med Mille kan og fort bli ein samtale om årstider, og om kor alle insekta gjer av seg når det vert kaldt.
Slutten er overraskande, eg skal ikkje røpe korleis det går med vesle Mille som sit i hola i treet og ser lengtande ut på det kalde snølandskapet.
Dette er inga faktabok, edderkoppar har ikkje akkurat vevstol på loftet. Eller kanskje dei har det?