Hopp til innhold

Det starta som gøy, så tok det fullstendig fyr

Neste år spelar Kjartan Lauritzen sin største konsert nokosinne under Bergenfest.

Kjartan Lauritzen

POPULÆR: Kjartan Lauritzen er eit heitt namn i musikk-Norge for tida.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

– Eg klarar ikkje skjøne kva som skjer, men Theodor nyt det verkeleg, gliser frontfigur Per Áki Sigurdsson Kvikne.

– Det starta som gøy

Rapgruppa med utspring frå Balestrand har kome frå det «store inkje», til å bli eit artistnamn dei aller fleste kjenner. I sommar har Kjartan Lauritzen spelt for fullsette salar, og i haust står fleire utselde konsertar for tur.

Kjartan Lauritzen

PÅ SCENA: Kjartan Lauritzen stod på scena då NRK arrangerte SommarLutt under Malakoff i fjor. I år var dei blant artistane på hovudfestivalen.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Og neste sommar ser ut som ein einaste stor fest.

– Det blir ein travel sumar. Det starta som gøy og ingen av oss trudde at det skulle bli så stort. No har vi gjort over 70 konsertar og neste sommar skal vi gjere vår største konsert nokosinne under Bergenfest. Det trur eg blir veldig, veldig gøy, gliser Kvikne.

Millionar av avspelingar

Det heile starta i 2014 medan Kvikne studerte Musikkproduksjon i vestlandshovudstaden mellom dei sju fjell. Etter at dei første låtane kom på Internett kom det første spørsmålet om konsert. Kvikne fekk med seg studiekamerat Daniel og storebror Theodor.

Første konserten var på Biblioteket, så tok det heilt fyr. Berre sjekk her:

  • «Fredag» har 2,4 millionar avspelingar på Spotify
  • «Havana» har 2,2 millionar avspelingar på Spotify
  • «Nyte D» nærmar seg ein halv million avspelingar på Spotify

Nyleg gjesta rapgruppa Christine Dancke på P3 . Her spelte dei sin eigen versjon av Astrid S si låt «Such a Boy». Den er så langt sett av 35.000 på Youtube.

– Det er vanskeleg å ta innover seg, seier Kvikne om suksessen.

Nyt kvart sekund

Ein som trivast godt i rampelyset er storebror Theodor.

– I ein alder av 30 år så er eg vel litt for gammal for dette. Eg var kanskje litt kjedeleg i 20-åra, men no lever eg mine beste dagar og nyt kvart sekund, gliser han.

Høgdepunkta så langt i år er Slottsfjellfestivalen i Tønsberg og Malakoff på Nordfjordeid.

– Slottsfjell var veldig gøy, så kjem vi «heim» til eit stappfullt Malakoff. Eg har sjølv vore der seks år som publikumar, så det å få komme dit med så mykje folk var ei spesiell oppleving, seier Kvikne.

Signerte banan

Ei av dei kjekkaste opplevingane fekk dei likevel i Vik. Ein 12-år gamal bergensar droppa bursdagen til kompisen sin og fekk faren til å ta fri frå jobb for å sjå dei spele på Bringebærfestivalen i Vik. No står begge på gjestelista til den utselde konserten i Bergen.

– Vi tok dei backstage og guten var i fyr og flamme. Han fekk ei signert banan som han la ut på Finn for 10.000 kroner, skrattar storebror Kvikne.

– Når det kjem ein 12-åring frå Bergen til Vik for å sjå deg spele, så må du gjere noko for han. Det var veldig koseleg, avsluttar frontfiguren.