Hopp til innhold

Det starta med eit hårete mål

I ein alder av 22 år har Tarjei Bø (Markane) levert ein suksessesong av dei sjeldne. - Det er berre heilt utruleg, jublar styreleiar i Sogn og Fjordane idrettskrins, Arne B. Berge.

Tarjei Bø med trofeet på pressekonferansen

HÅRETE MÅL: Tarjei Bø sette seg mål om ein verdscupsiger. Nokre månadar seinare er han verdas beste skiskyttar.

Foto: Karl Kristian Langeland/NRK

Vinteren 2010/2011 vart det tre VM-gull, to VM-bronse, tre NM-gull og fem verdscupsigrar på skiskyttaren frå Stryn.

På toppen av dette vann Bø verdscupen samanlagt , vann sprintcupen, vann jaktstartcupen og tok andreplass i samandraget for normalen.

- Det har eigentleg gått på skinner heile vegen, vedgår Bø.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Bø: -

SJÅ: Tarjei Bø sin reaksjon etter å ha vunne verdscupen samanlagt.

- Over all forventing

For artistane blir det sagt at andrealbumet plar vere det vanskelegaste. Det same ser ikkje ut til å gjelde for skiskyttaren Tarjei Bø. Han har nett lagt bak seg eit medaljedryss i NM, og er i ferd med å la tankane etter den fantastiske sesongen synke inn.

I fjor vart han nummer 43 i verdscupsamandraget. I år klatra han 42 plassar og vann med fem fattige poeng framfor landsmannen Emil Hegle Svendsen.

- Klart at det har gått over all forventing. Eg hadde jo ikkje vunne noko før sesongen - no er eg den beste skiskyttaren i verda, seier Bø.

- Tidenes utøvar?

NRK sin skiskyttarekspert, Ola Lunde, spådde Bø ein kanonsesong . Før sesongstart sa stryningen sjølv til NRK Sogn og Fjordane at målet var å vinne eitt verdscuprenn. Og å ta medalje i NM.

Då var det ambisjonar som kunne få kven som helst til å reagere. Nokre månadar seinare kan ein slå fast at stryningen overgjekk det aller meste.

Arne B. Berge

STOLT: Styreleiar Arne B. Berge i Sogn og Fjordane idrettskrins.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Om han ikkje allereie er tidenes idrettsutøvar frå fylket, så har han gode sjansar til å bli det. Ingen har hatt ein slik pangsesong som han. Med ei slik merittliste på ein sesong, så kan eg ikkje skjøne kven som har gjort det betre, seier sambygdingen, og styreleiaren i Sogn og Fjordane idrettskrins, Arne B. Berge.

- Det er einaste Per Knut Aaland og Odd-Bjørn Hjelmeset sine lange merittlister gjennom lange karrierer, legg han til.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video baabab80-43c0-4238-af72-4c6b2fee7b02.jpg

SJÅ: - Det er lov til å grine litt no.

Hårete mål

- Det var eit hårete mål, men eg meinte det var realistisk, seier hovudpersonen sjølv når han blir konfrontert med si eiga målsetning før sesongstart.

Det er ikkje berre premieskapet til Bø som har fyllt seg opp denne vinteren. Suksessen har også byrja å fylle bankkontoen til den unge stryningen.

No er han allereie i gang med å førebu neste sesong. Han har klart for seg korleis han kan bli endå betre.

- Eg har ganske mange idear om kva eg kan gjere for å bli betre. Men det er viktig å ikkje gjere dei store endringane, for oppskrifta fungerte jo fint, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Gulljubel i Stryn etter at Tarjei Bø vart verdsmeister

SJÅ: Gulljubel i Stryn etter at Tarjei Bø vart verdsmeister.

- Svolten på meir

Bø avviser blankt at han er metta på suksess.

- Eg er svolten på meir. For det er tett i toppen, og det nyttar ikkje å sleppe seg ned. Då tapar ein lett 15 seskund – og då hamnar du fort utanfor pallen, seier Bø.

- Det er heilt utruleg å prestere som Tarjei har gjort på ein sesong. Ein kan ikkje bli skuffa om han ikkje gjer det like godt neste år, seier Berge.