Hopp til innhold

Det såg fredfullt ut for beitedyra – så skjedde dette

Det som skulle bli ein særs fredfull sommar for beitedyra fekk denne veka ein kraftig trøkk.

Sau teken i Røykjedalen

JERVEN HERJAR: Dei store skadane på dette lammet i Røykjedalen i Luster stammar frå jerv.

Foto: Statens Naturoppsyn, Rovviltseksjonen

Beitesesongen har vist seg å vere uvanleg rovdyr-roleg for husdyra i store delar av Noreg i år.

Sett bort ifrå fire tilfelle av sau tekne av jerv tidleg i beitesesongen, har det ikkje vore nokon tilfelle av husdyr tekne av dei fire store rovdyra i korkje Vestland, Rogaland, Agder eller Vestfold og Telemark denne beitesesongen.

Heilt til no.

Sist veke vart to sau tekne av gaupe i Vestfold og Telemark.

Måndag vart til saman ti sauar tekne av jerv, funne i Luster i Indre Sogn.

– Beitesesongen har vore fin, der sauane har hatt det godt. Då er det utruleg leit når dette skjer, seier sauebonde og rovdyransvarleg i Vestland Bondelag, Ole Bjarne Hovland.

Sau teken av jerv i Røykjedalen

BITTSKADE: Det døde lammet i Røykjedalen i Sogn har tydelege bittskadar frå jerv.

Foto: Statens Naturoppsyn, Rovviltseksjonen

– Venta at det skulle smelle

Sauebonden Hovland som hadde gleda seg over fin sommar, frykta at dette skulle hende. Det er ikkje uvanleg at jerven tek mest på slutten av beitesesongen, fortel han.

Ole Bjarne Hovland

VENTA: – Me har eigentleg venta på at det skulle smelle, seier sauebonde og rovdyransvarleg i Vestland Bondelag, Ole Bjarne Hovland.

Foto: Privat

– Me har eigentleg venta på at det skulle smelle. Det har me sett tidlegare år. Når dagane blir kortare kjem jerven på ferde, seier han.

Dette beviser at sauebøndene har hatt grunn til bekymring, ifølge Hovland. Området i Indre Sogn ligg tett opp til forvaltningssona for jerv. At jervebestanden ikkje blir redusert fører til meir streifdyr ned i beiteprioriterte område, meiner han.

– Det var ønska å auke tal på sau øvst i Fortunsdalen og drive på heiltid, men det er ikkje mogleg med så mykje jerv i området, seier han.

Jervespor

SPOR: Desse ferske jervespora vart funne i Røykjedalen i Sogn. Dette er beiteprioritert område, men ligg tett opp til forvaltningssona for jerv.

Foto: Rein Arne Golf / Statens naturoppsyn, rovviltseksjonen

Hamstrar til vinteren

Naturoppsynsmann i Statens naturforvaltning, Rein Arne Golf var oppe i dalområda måndag og dokumentere skadane.

– Området ligg tett opp til grensa der det er ønske om reproduserande jerv. Det er opplagt at jerven ikkje ser desse grensene og kjem ned til beiteprioriterte område og gjer skade, seier han.

Det å skadefelle jerv på denne tida av året er så å seie umogleg, ifølge Golf. Det er grunn til å tru at fleire dyr kan bli tekne.

– Jerven har ein tendens til å hamstre til vinteren, og kan finne på å gjere store skadar i desse tider, seier han.

Rein Arne Golf

NATUROPPSYN: Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn dokumenterte skadane på sau i Indre Sogn.

Foto: Johan Moen / NRK

Trass alt ein fin sommar

Fylka er i stor grad beiteprioriterte område. Det er likevel vanleg at streifdyr tar seg inn og fører til store tap.

I fjor var det ulv som forårsaka klyngevis med tap i både Vestland, Rogaland og Agder. Det har ikkje skjedd i år.

Trass tapa i Sogn, er det mogleg at denne sommaren tangerer fredsrekorden.

– Det har vore ein fin sommar, med lite tap særskild i desse fylka, seier seniorrådgivar i Miljødirektoratet Anders Fraa.

Tap av spesielt sau og lam til rovvilt har gått kraftig nedover dei siste åra.

Sidan 2013 er dette talet halvert.

Fraa fortel om stor satsing på førebyggande tiltak for å hindre tap til rovvilt. Det kan vere tidleg sanking og sein beiteslepp, i tillegg til radiobjøller og inngjerding og liknande.

Fraa minner også på at beitesesongen ikkje er over heilt enda. Siste del av beitesesongen vil avgjere kor fredfull denne sesongen vil bli.

– Artar som jerv lagar trøbbel stort sett frå og med denne tida, så vi kan ikkje feire på forskot, seier han.

Jerv i Engerdal

STOGGA FREDEN: Det som har vore ein fredfull sommar for beitedyra, tok ei ny vending denne veka etter at jerv har vore på ferde i Sogn.

Foto: Knut Holmseth