Hopp til innhold

Det kan kosta å ikkje måka snøen

Tak og store mengder tung snø er ikkje den beste kombinasjonen. Ventar du for lenge med å måka kan det få konsekvensar for ei eventuell erstatning.

Store mengder med snø må vekk

GOD TRENING: Kven treng treningssenter når ein kan måka tung snø i fleire timar i staden for.

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

Jo Marius Bøyum og kompisen Jarle Mundal er føre var. Hytta og familiebedrifta Brevasshytta i Fjærland er heilt nedsnødd. Med nesten to meter snø på taket er det mange kilo som skal flyttast på.

– Det er for å forhindra at det kollapsar. Eg tippar at det er mellom 4 og 500 kilo per kvadrat, så det er tung snø, seier Mundal.

Taket kollapsa

Ein som ikkje var like heldig er Jøran Ålhus i Jølster. Med eit lagertak på over 700 kvadratmeter skjøna han at det ville bli vanskeleg å halda taket reint for snø heile tida.

Han støtta derfor opp alle bjelkane med pallar i tillegg til varmekablar i taket.

– Eg har no brukt mykje fritid oppå dette taket i løpet av vinteren. Men når det kom mellom 50 og 70 centimeter våt snø i løpet av natta holdt det dessverre ikkje, sukkar Ålhus.

Ein bærebjelke og deler av taket kollapsa. Ein båt vart skada, men to veteranbilar slapp heldigvis unna.

Mange skader

For tung snø på taket

Kollaps: På utsida ser ikkje skadane så store ut, men på innsida har deler av taket kollapsa.

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

Gjensidige forsikring merkar også at det er ein snørik vinter. Så langt i år har dei registrert rundt 20 litt større skader i Sogn og Fjordane. I løpet av eit år ville ein rekna med rundt 200 slike skademeldingar på landsbasis.

– Folk må ikkje la snøen bli liggjande for lenge. Dette kan nemleg få konsekvensar for erstatninga ved ein eventuell skade, seier informasjonsansvarleg Arne Voll.

Ut og måk

I Fjærland satsar Jo Marius Bøyum på å ikkje bli ein del av den statistikken. Kameratane trudde måkeprosjektet ville ta fire timar, men nå nærmar dei seg seks. Dei har ein klar beskjed til andre huseigarar:

– Det er berre å koma seg ut. Sjå kor fint me har det i dag med sol og blå himmel. I tillegg er det god trening, seier Bøyum.

Meir informasjon

Jo Marius Bøyum og Jarle Mundal tar seg ein kvil i sola.

PÅSKEVÊR: Det tar på å måka i seks timar. Då er det godt med ein liten pause i solsteiken.

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

For deg som lurar på om du må måka, og korleis, kan du finna informasjon på Jølster kommune sine sider her.